Finistère
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finistère | |
---|---|
Våpenskjoldet til Finistère | |
Plassering | |
![]() |
|
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 29 |
Region: | Bretagne |
Préfecture: | Quimper |
Sous-préfectures: | Brest Châteaulin Morlaix |
Arrondissement: | 4 |
Kantonar: | 54 |
Kommunar: | 283 |
Président du conseil général: | Pierre Maille |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 24. |
-1999 | 852 418 |
Folketettleik: | 127/km² |
Landareal¹: | 6 733 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
![]() |
Finistère (Penn-ar-Bed på bretonsk) er eit departementet heilt nordvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Bretagne.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Finistère er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Bretagne.
Namnet Finistère kjem frå det latinske Finis Terræ, som tyder «verdas ende». Dette må ikkje forvekslast med Kapp Finisterre i Spania.
[endre] Geografi
Departementet er i dag ein del av regionen Bretagne og grenser til departementa Morbihan og Côtes-d'Armor, i tillegg til Atlanterhavet i nord, sør og vest.
Finistère er det vestlegaste departementet i den europeiske delen av Frankrike, og det vestlegaste punktet er Pointe de Corsen.
Den største byen i Finistère er Brest. Andre store byar er Quimper, Morlaix, Carhaix og Douarnenez. Finistère inkluderar òg øya Ouessant.
Aber er fjordlikande viker på nordkysten og er eit karakteristisk trekk i landskapet.
[endre] Demografi
Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Finistériens.
[endre] Økonomi
Jordbruk, levnetmiddelindustri og forskjellige andre tilknytta industriar er dei viktigaste næringane i Finistère.
Mange av innbyggjarnae i departementet er tilknytta militæret. Her ligg atomubåtbasen Ile Longue og flybasen i Lanvéoc-Poulmic, i tillegg til militærrelatert industri i Brest.
Roscoff har ferjesamband til Irland og Storbritannia.
[endre] Kultur
Finistère er det området i Frankrike der bretonsk språk står sterkast. Bretonske skular vert kalla Diwan, Divyezh og Dihun.