Departementet Gard
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For elva med same namn, sjå Gardon
Gard | |
---|---|
Våpenskjoldet til Gard | |
Plassering | |
![]() |
|
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 30 |
Region: | Languedoc-Roussillon |
Préfecture: | Nîmes |
Sous-préfectures: | Alès Le Vigan |
Arrondissement: | 3 |
Kantonar: | 46 |
Kommunar: | 353 |
Président du conseil général: | Damien Alary |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 34. |
-1999 | 623 125 |
Folketettleik: | 106/km² |
Landareal¹: | 5 853 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
![]() |
Gard er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Languedoc-Roussillon, og er kalla opp etter elva med same namn.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Gard er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Languedoc.
Gard-området vart busett av romarane i antikken. Romarvegen Via Domitia mellom Italia og Spania vart bygd gjennom departementet i 118 fvt.
[endre] Geografi
Departementet er i dag ein del av regionen Languedoc-Roussillon og grenser til departementa Hérault, Lozère, Aveyron, Bouches-du-Rhône, Vaucluse og Ardèche.
Det høgaste punktet i departementet er Mont Aigoual.
Dei siste åra har departementet vorte råka av alvorlege flaumar.
[endre] Demografi
Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Gardois.
[endre] Turisme
Gard inneheld delar av nasjonalparken Parc National des Cévennes.
Det finns fleire restar av romersk arktitektur i Nîmes, i tillegg til den romerske akvedukten Pont du Gard.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Prefekturet si nettside
- Offisiell nettside
- Kart over department
- www.languedoc-france.info/070202_gard.htm – Informasjon om Gard og Languedoc-Roussillon