Doubs
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For elva med same namn, sjå elva Doubs
Doubs | |
---|---|
Våpenskjoldet til Doubs | |
Plassering | |
![]() |
|
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 25 |
Region: | Franche-Comté |
Préfecture: | Besançon |
Sous-préfectures: | Montbéliard Pontarlier |
Arrondissement: | 3 |
Kantonar: | 35 |
Kommunar: | 594 |
Président du conseil général: | Claude Jeannerot |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 51. |
-1999 | 499 062 |
Folketettleik: | 95/km² |
Landareal¹: | 5 234 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
![]() |
Doubs (frankoprovensalsk: Dubs) er eit departementet aust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Franche-Comté, og er kalla opp etter elva med same namn.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Doubs er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Franche-Comté.
Så tidleg som på 1200-talet snakka den nordlege tredjedelen av Doubs dialekten Franc-Comtois, ein dialekt av Langues d'oïl. Innbyggjarane i den sørlege tredjedelen snakka ein dialekt av frankoprovensalsk. Begge språka eksisterte samtidig med fransk, det offisielle språket for lov og handel, og vart framleis nytta i jordbruksområde ut på 1900-talet. Språka vert framleis nytta, men ikkje til kvardags slik som før.
Doubs var ein viktig port til Sveits via passet ved Joux. Mange kjende folk, som Mirabeau, Toussaint Louverture og Heinrich von Kleist, var fengsla i Château de Joux.
I 1793 vart republikken Mandeure ein del av departementet, og i 1816 òg fyrstedømet Montbéliard.
Victor Hugo og Auguste og Louis Lumière er kjende folk frå Doubs.
[endre] Geografi
Departementet er i dag ein del av regionen Franche-Comté og grenser til departementa Jura, Haute-Saône og Territoire de Belfort, i tillegg til kantonane Vaud, Neuchâtel og Jura i Sveits.
Departementet er doiminert av Jurafjella, som stig opp aust for Besançon.
[endre] Demografi
Innbyggjarane i departementet vert kalla doubistes.
[endre] Turisme
Slotta i Joux og Besançon er viktige turistattraksjonar.