On Amazon.it: https://www.amazon.it/Complete-Concordances-James-Bible-Azzur/dp/B0F1V2T1GJ/


Kommunar i Frankrike - Wikipedia

Kommunar i Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kart over dei 36 568 kommunane i Frankrike
Kart over dei 36 568 kommunane i Frankrike

Ein kommune i Frankrike er den lågaste administrative inndelinga av landet. Det franske ordet commune oppstod på 1100-talet, og kom av det mellomalderlatinske ordet communia, som tyder ei lita samling av folk som deler eit fellesliv, som igjen kjem av latin, «ting ein har til felles».

Ein fransk kommune er grovt sett tilsvarande ein norsk kommune, men som regel mykje mindre. Ein fransk kommune kan vere ein by med over 2 millionar innbyggjarar, som Paris, ein landsby på 10 000 innbyggjarar eller ei grend med berre 10 personar.

Innhaldsliste

[endre] Talet på kommunar

I 2004 var det 36 782 kommunar i Frankrike, 36 568 av dei i France métropolitaine, den europeiske delen av Frankrike, og 214 av dei oversjøiske. Dette er langt høgare enn noko anna land i Europa. I tillegg er det ikkje alle land som delar inn dei oversjøiske områda sine på same måten, og kvart einaste landområde som høyrer til Frankrike høyrer òg til ein fransk kommune. Dei einaste unntaka er:

  • COM (collectivité d'outre-mer) i Wallis og Futuna (14 944 innbyggjarar).
  • TOM (territoire d'outre-mer), den franske delen av Antarktis (om lag 170 forskarar).
  • Îles Éparses, ei gruppe på fem øyar i Det indiske havet utan fast busetnad.
  • Clipperton Island i Stillehavet, som ikkje er busett.

[endre] Areal

Ein fransk kommune har i snitt eit areal på 14,77 km², men medianarealet er 10,73 km², som kanskje er meir representativt for ein typisk fransk kommune. Medianarealet er mindre enn for dei fleste andre europeiske land.

[endre] Folketal

Medianen av folketalet til franske kommunar var etter ei folketeljing i 1999 på 380 innbyggjarar. Igjen er dette eit svært lågt tal og heilt klart det lågaste i Europa. Det er 20 982 kommunar i Frankrike med eit folketal mindre enn 500, noko som er 57,4 % av alle kommunane. I desse kommunane bur det berre 4 628 000 innbyggjarar, eller 7,7 % av det totale folketalet i Frankrike. Med andre ord bur 7,7 % av innbyggjarane i Frankrike i 57,4 % av kommunane, medan 92,3 % av innbyggjarane er konsentrert i berre 42,6 % av dei franske kommunane.

[endre] Rolle

Trass i enorme skilnadar når det gjeld folketal har kvar kommune ein ordførar (maire) og eit kommunestyre (conseil municipal), som styrer kommunane frå Hôtel de Ville (rådhus), og uansett storleik har alle same makt (bortsett frå Paris der politet vert styrt av staten og ikkje av ordføraren i Paris). Denne jamne fordelinga er noko som går attende til den franske revolusjonen, som ville ha bort dei enorme skilnadane som eksisterte i kongeriket Frankrike og dei lokale særeigenskapane.

Storleiken får derimot noko å sei når det gjeld avstemmingsreglar i val, og korleis valkretsane vert inndelt.

[endre] Historie

Dei franske kommunane vart oppretta i byrjinga av den franske revolusjonen i 1789-1790.

[endre] Noverande debatt

I meir enn 30 år har mange prøvd å få til ei større samanslåing av kommunar i Frankrike. Så langt har deriomt den lokal konservatismen vært svært sterk og ingen forslag om samanslåing har kome lenger enn til utvala i det franske parlamentet.

Mange meiner at dei store franske byane har for liten påverknad på omgivnadane sine samanlikna med andre europeiske byar, sidan grensene deira vart fastsett for meir enn 200 år sidan. Lyon er til dømes ein geografisk liten kommune med berre 465 300 innbyggjarar, medan storbyområdet (aire urbaine), altså dei urbane områda som ligg inntil kommunen Lyon, til saman har 1,7 millionar innbyggjarar, som er av dei største i Europa. Sjølve Paris har berre 2,1 millionar innbyggjarar, men om ein tar med dei urbane områda som ligg inntil Paris kjem ein over 10 millionar menneske. Storbyområdet rundt Roma har til dømes 3,5 millionar innbyggjarar, som er lite samanlikna med Paris.

På den andre enden av skalaen finn ein kommunar som slit med distriktsutflytting, og som derfor har svært få innbyggjarar. Dette gjer at dei strevar med grunnleggande tenester som rennande vatn, innsamling av søppel eller vedlikehald av kommunale vegar.

Det er derimot ikkje lett å få til samanslåing. For det første vil dette føre til eit redusert tal på administrative stillingar, noko som ikkje er populært hos dei lokale politikarane. Ein annan sak er av innbyggjarar i ein landsby er motvillig til å la seg styre av kommunestyre i andre landsbyar, som kanskje ikkje tar omsyn til deira lokal behov.

[endre] Ymse fakta

[endre] Innbyggjartal

  • Den mest folkerike kommunen i Frankrike er kommunen Paris med 2 125 246 innbyggjarar i 1999.
  • Seks franske landsbyar øydelagd under den første verdskrigen har aldri vorte bygd opp att. Alle ligg i departementet Meuse, og vart øydelagd under Slaget ved Verdun i 1916. Etter krigen vart det avjort at landområda som landsbyane tidlegare hadde høyrt til ikkje skulle innlemmast i andre kommunar, som eit testament til dei landsbyane som hadde «døydd for Frankrike». Følgjande kommunar er derfor utan innbyggjarar, og vert styrt av eit styre av tre medlemar som vert utpeikt av prefekten i Meuse:
    • Beaumont-en-Verdunois
    • Bezonvaux
    • Cumières-le-Mort-Homme
    • Fleury-devant-Douaumont
    • Haumont-près-Samogneux
    • Louvemont-Côte-du-Poivre
  • Bortsett frå desse spesielle tilfella har følgjande kommunar lågaste innbyggjartal (1999) i Frankrike:
    • Rochefourchat, ved foten av Dei franske Alpane. Ein innbyggjarar (ein 38 år gamal skild mann)
    • Leménil-Mitry, i skogområda i Lorraine aust i Frankrike. To innbyggjarar (ein 42 år gamal mann og den 38 år gamle kona hans, som eig alle eigedomane i kommunen)
    • Rouvroy-Ripont, nær Champagne-området. To innbyggjarar (to ugifte menn på 60 og 73 år).

[endre] Største og minste kommunar

  • Den største kommunen i Den franske republikken er Maripasoula (3 710 innbyggjarar) i departementet Fransk Guyana: 18 360 km².
  • I den europeiske delen av Frankrike er den største kommunen Arles (50 513 innbyggjarar) nær Marseille. Området utgjer det meste av elvedeltaet til Rhône: 759 km².
  • Den minste kommunen i heile Frankrike er Castelmoron-d'Albret (62 innbyggjarar) nær Bordeaux: 0,0376 km²

[endre] Høgastliggande kommune

Den høgastliggande kommunen i Frankrike (og Europa) er Saint-Véran (267 innbyggjarar) i Dei franske Alpane. Senteret av kommunen ligg mellom 1 990 og 2 040 meter over havet.

[endre] Kommunar lengst borte frå Paris

  • Kommunen i Frankrike lengst borte frå Paris er L'Île-des-Pins (1 840 innbyggjarar) i Ny-Caledonia: 16 841 km frå sentrum av Paris.
  • I den europeiske delen av Frankrike (om ein ser bort frå Korsika) er det Coustouges (134 innbyggjarar) og Lamanère (44 innbyggjarar) ved den spanske grensa som er lengst borte frå Paris. Begge ligg 721 km frå sentrum av hovudstaden.
Vegskilt som viser slutten av landsbyen Y i Somme i Frankrike
Vegskilt som viser slutten av landsbyen Y i Somme i Frankrike

[endre] Kortast og lengst kommunenamn

  • Den franske kommunen med kortast namn er Y (89 innbyggjarar).
  • Det er tre kommunar i Frankrike som har det lengste namnet (38 bokstavar):
    • Saint-Germain-de-Tallevende-la-Lande-Vaumont (1 731 innbyggjarar)
    • Saint-Remy-en-Bouzemont-Saint-Genest-et-Isson (592 innbyggjarar)
    • Beaujeu-Saint-Vallier-Pierrejux-et-Quitteur (739 innbyggjarar).

[endre] Kjelder

Static Wikipedia March 2008 on valeriodistefano.com

aa   ab   af   ak   als   am   an   ang   ar   arc   as   ast   av   ay   az   ba   bar   bat_smg   bcl   be   be_x_old   bg   bh   bi   bm   bn   bo   bpy   br   bs   bug   bxr   ca   cbk_zam   cdo   ce   ceb   ch   cho   chr   chy   co   cr   crh   cs   csb   cv   cy   da   en   eo   es   et   eu   fa   ff   fi   fiu_vro   fj   fo   fr   frp   fur   fy   ga   gd   gl   glk   gn   got   gu   gv   ha   hak   haw   he   hi   ho   hr   hsb   ht   hu   hy   hz   ia   id   ie   ig   ii   ik   ilo   io   is   it   iu   ja   jbo   jv   ka   kab   kg   ki   kj   kk   kl   km   kn   ko   kr   ks   ksh   ku   kv   kw   ky   la   lad   lb   lbe   lg   li   lij   lmo   ln   lo   lt   lv   map_bms   mg   mh   mi   mk   ml   mn   mo   mr   ms   mt   mus   my   mzn   na   nah   nap   nds   nds_nl   ne   new   ng   nl   nn   nov  

Static Wikipedia (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2006 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Static Wikipedia February 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu