Aisne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For elva med same namn, sjå elva Aisne.
Aisne | |
---|---|
Våpenskjoldet til Aisne | |
Plassering | |
![]() |
|
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 02 |
Region: | Picardie |
Préfecture: | Laon |
Sous-préfectures: | Château-Thierry Saint-Quentin Soissons Vervins |
Arrondissement: | 5 |
Kantonar: | 42 |
Kommunar: | 816 |
Président du conseil général: | Yves Daudigny |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 46. |
-1999 | 535 489 |
Folketettleik: | 73/km² |
Landareal¹: | 7 369 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
![]() |
Aisne er eit departement i den nordlege delen av Frankrike, oppkalla etter elva med same namn som renn gjennom området.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Aisne er ein av dei opphavlege 83 departementa som vart oppretta under den franske revolusjonen 4. mars 1790. Han vart danna av dei tidlegare provinsane Île-de-France, Picardie og Champagne.
Det meste av dei gamle skogane i området vart øydelagd under kampar i den første verdskrigen. Den tyske offensiven mot Chemin des Dames våren 1917 vert stundom kalla Det andre slaget om Aisne.
[endre] Geografi
Aisne grenser mot Ardennane og Belgia i nordaust. Elva Aisne renn gjennom området frå aust til vest, der ho møter Oise. Landskapet er dominert av klipper med bratte sider. Desse klippene finn ein i heile regionen, men er mest imponerande ved Laon og Chemin des Dames.
Dei største byane i Aisne er:
- Laon, innb. 26 000 (prefektur)
- Saint-Quentin, 60 000
- Soissons, 30 000
- Château-Thierry, 15 000
- Tergnier, 15 000
[endre] Klima
Departementet får mellom 500 og 750 mm nedbør i året.
[endre] Økonomi
Jordbruk dominerar økonomien, særleg kornavlingar. Roesukker er ein av dei viktgaste industriane i området. Veving av silke, bomull og ull har ein i Saint-Quentin og andre byar. Saint-Gobain er kjend for produksjon av speglar, som starta på 1600-talet. Guise er jordbrukssenteret i den nordlege delen av Aisne.
[endre] Kultur
Under den første verdskrigen vart fleire viktige og historiske byningar øydelagd. Av bygningar som overlevde finn ein mellomalderkyrkjene i Laon, Braine og Urcel. Ruinane av slottet i La Ferté-Milon vart heller ikkje meir øydelagd av krigane.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Nettside for prefekturet
- Offisiell side
- Handel og industri i Aisne
- Jordbruk i Aisne
- Utvikling i Aisne
- Offisiel turistside