Vågan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
![]() |
![]() |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1865 |
Fylke: | Nordland |
Administrasjonssenter: | Svolvær |
Flatevidd: | 477 km² |
Folketal: | 8 992 (2007) |
Målform: | bokmål |
Internettside: | www.vagan.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Hugo Bjørnstad (Ap) 2007-2011 |
Vågan er ein kommune i Lofoten i Nordland fylke. Han har grense til Hadsel i nord, Lødingen i aust, og til Vestvågøy over Sundklakkstraumen i vest.
Kommunen omfatter mest heile Austvågøy, Gimsøya og fleire mindre øyer, mellom anna Henningsvær og Skrova. Ein liten bit av Hinnøya høyrer òg til Vågan.
Innhaldsliste |
[endre] Tettstader i kommunen
- Henningsvær
- Kabelvåg
- Skrova
- Svolvær
[endre] Næringsliv
Fiskeindustri er den viktigaste næringsvegen, og Vågan er den største oppdrettskommunen og den nest største fiskerikommunen i Nord-Noreg. I tillegg til fiskeritenestar har kommunen òg ein av dei større verkstadindustriane i landsdelen. Andre viktige næringsvegar er reiseliv, handel og tenesteyting.
[endre] Kommunikasjoner
Vågan har dagleg flysamband med dei andre kortbaneflyplassane i området og stamrutenettet i Bodø. Svolvær blir dagleg vitja av Hurtigruten medan det finst snøggbåtsamaband til Stokmarknes, Bodø og Narvik. Ferjesamband er det til Skutvik/E6 og mellom Fiskebøl og Melbu mot Vesterålen, og det går bilferjer til Skrova, Brettesnes og Digermulen. Svolvær har gode bussruter i fleire retningar.
[endre] Kjente vågaværingar
- Ole Juul (1852–1927), kunstmalar
- Jack Berntsen
- Kari Bremnes
[endre] Peikarar ut
|