Kari Bremnes
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kari Bremnes fødd 9. desember 1956 i Svolvær i Lofoten) er ein songar og låtskrivar.
Ho er cand. mag. i språk, litteratur og teatervitenskap frå Universitetet i Tromsø, og arbeidde som journalist før ho vart musikant på heiltid.
Ho fekk Spellemannprisen 1987 for albumet Mitt ville hjerte og Spellemannprisen 1991 for Spor. Begge i klassa visesong.
Saman med brørne Lars og Ola Bremnes fekk ho Nordland fylkes kulturpris for 1997. Dei same tre fekk Spellemannprisen 2000 i klassa viser og viserock for albumet Soløye.
Innhaldsliste |
[endre] Diskografi
[endre] Eigne album
- Mitt ville hjerte (1987)
- Blå krukke (1987)
- Spor (1991)
- Løsrivelse (1993)
- Gåte ved Gåte (1994)
- Erindring (1995)
- Månestein (1997)
- Svarta Bjørn (1998)
- Norwegian Mood (2000)
- 11 ubesvarte anrop (2002)
- You'd Have To Be Here (2003)
- Over en by (2005)
[endre] Album i lag med andre artistar
- Tid å hausta inn (1983, ny utgjeving 2001) med Lars Klevstrand.
- Salmer på veien hjem (1991) med Ole Paus og Mari Boine Persen.
- Ord fra en fjord (1992) med Ola og Lars Bremnes.
- Folk i husan (1993) med Ola Bremnes og Arne Bendiksen Records.
- Cohen på norsk (1993) med ymse artistar.
- Løsrivelse (1998) med Ketil Bjørnstad.
- The Man From God Knows Where (1999) med mellom andre Tom Russell.
- Soløye (2000) med Ola og Lars Bremnes.
- Desemberbarn (2001) med Rikard Wolff.
- Voggesanger fra ondskapens akse (2003) med Eva Dahlgren og Anisette Koppel.
[endre] Eksterne lenker
Mal:Musikerstubb