Ola Bremnes
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ola Bremnes (fødd i Svolvær den 18. april 1955, no busett i Kvæfjord i Troms) er ein norsk musikar, forfattar og trubadur; bror av musikaarane Kari Bremnes og Lars Bremnes. Han har arbeidd mykje med Petter Dass, blant anna i Vær hilset! (1995), ei oppsetjing for solist, kor og orkester. Hans Mitt Reysetøy var bestillingsverk til Festspillene i Nord-Norge 2001. Han fikk Spellemannprisen 2000 saman med syskjena Kari og Lars i klassen viser og viserock for Soløye (2000) og Nordlysprisen (2004), og han vart tildelt Petter Dass-medaljen i 2005.
Melodien Mi pia, din gutt sette ny rekord på Norsktoppen med plassering 95 veker på rad.
[endre] Utgjevingar
- med Kari Bremnes, Mitt navn er Petter Dass som var ved verdens ende, tekstar av Petter Dass og musikk ved Sigvald Tveit, LP, Pro Musica, 1984
- Ord fra en fjord, med faren Ola Bremned og søskenene, Spinner Records, 1992
- Folk i husan, med Kari, Arne Bendiksen Records, 1980; ny utgåve 1993
- Der trollbåra bryt, nordnorske eventyr lest av Karl Erik Harr, Grappa 1993
- Vær hilset!, med Bodø Domkor, med komponist Bjørn Andor Drage, og musikarane Håvard Lund, Susanne Lundeng, Børge Petersen-Øverleir, Terje Venaas og Finn Sletten. CD, Grappa 1995
- Så lenge scootern kan gå, barnesongar frå førestillinga med Rikskonsertane 1993, med bl.a. Jan Gunnar Hoff, Grappa, 1997
- Jubel og sang, bok med melodiar til tekstar av Petter Dass, Cappelen 1997
- Vi som bygde skip, i høve 100-årsjubileet til Kaarbø-verkstaden i Harstad. Arrangement ved Bjørn Andor Drage. Euridice, 1998.
- Soløye med syskena , 2000.
- Livstegn, soloplate, Spinner Records, 2004.
- Gudene vet, soloplate, 2006.