Buss
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein buss er eit kjøretøy som er utforma for å frakte ei mengd passasjerar over ein distanse på veg eller gate. Ein sjåfør, somme tider saman med ein konduktør, utgjer mannskapet. Vanlege bussar fraktar med seg drivstoff eller annan energi til framdrifta. Termen buss er ei språkleg nydanning etter det latinske omnibus som tyder for alle.
[endre] Historie
Det første organiserte offentlege transportsystemet kan vere det som kom i gang i 1826 i Nantes, Frankrike då den pensjonerte offiseren frå hæren, Stanislas Baudry, sette opp ei kort rute mellom bysenteret og eit offentleg bad i utkanten av Nantes. Baudry hadde sjølv bygd badet. I sentrum starta ruta utanfor hattebutikken med skiltet «Omnès Omnibus», altså Omnès for alle. Då Baudry oppdaga at passasjerane like mykje ønskte å gå av omnibussen på stader mellom endepunkta som ved badet og ved hattebutikken endra han fokus bort frå denne første skyttelruta. Baudry oppretta no ei ny teneste voiture omnibus, transport for alle som kombinerte funksjonane tinga, offentleg drosje med fast rute for transport av passasjerar og post.
På Baudry si tid var det hestar som sytte for framdrifta av kjøretøy. Ein første dampdriven buss vart oppfunnen i England i 1827, men regulær rutedrift med motorkraft kom først ved hundreårsskiftet, rundt 1900, og dei motoriserte omnibussane vart frå då av kalla bussar.