Sokndal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
![]() |
![]() |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1111 |
Fylke: | Rogaland |
Administrasjonssenter: | Hauge i Dalane |
Flatevidd: | 294 km² |
Folketal: | 3 266 (2007) |
Politikk | |
Ordførar (2007-2011): | Dag Sørensen (Ap) |
Målform: | Nøytral |
Nettstad: | www.sokndal.kommune.no |
Sokndal er ein kommune heilt sør i Rogaland fylke, i Dalane. Kommunen grensar mot Vest-Agder fylke. Kommunen grensar i vest mot Eigersund, i nord og mot Lund kommune, og i søraust mot Flekkefjord. Sokndal kommune er kjend for strandstaden Sogndalsstrand og Jøssingfjord. Jøssingfjord er opphav til tilnamnet jøssing, som vart mykje nytta i Noreg under den andre verdskrigen.
Sokndal kommune er Noreg sin fyrste medlemskommune av rørsla Cittaslow. Rørsla legg vekt på at ein skal ta vare på lokale sérdrag. Eit hovudmål er å betra livskvalitet og skapa identitet til kommunen og staden.
Hjørnesteinsføretaket er Titania A/S som hentar ut titanmalm frå et dagbrot. Titania er ein av dei største produsentane i verda av ilmenitt (jerntitanoksid).
[endre] Bakgrunnsstoff
|