Dalane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dalane- regionen ligg sør i Rogaland fylke, sør for Jæren. På mange vis er Egersund by ein slags "hovudstad" i Dalane. Dalane omfattar kommunane Bjerkreim, Eigersund, Lund og Sokndal.
Avisa Dalane Tidende har hovudkontoret sitt i Egersund. Dalane folkemuseum har to avdelinger i Egersund. Ei avdeling er fajansemuseum, medan hovudutstillinga er eit folkemuseum.
Dalane har også godt transportsamband, til dømes jernbane (Sørlandsbanen og Jærbanen), ferje til Danmark, og to viktige vegar, Europaveg 39 og Nordsjøvegen (Rv.44).