Galle
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Galle er ei bitter, grøn-gul alkalisk væske som dei fleste virveldyr skiljer ut i leveren. I mange artar blir ho så lagra i galleblæra mellom måltid og sluppe gjennom gallegangen og ut i tolvfingertarmen og bidreg til meltinga vidare utover i tarmen, for det meste i tynntarmen. Hjå dei fleste menneske går gallen det siste stykket i sams utløp med bukspyttkjertelen.
Menneskeleveren produserer om lag ein liter galle kvar dag. 95% av dei utsonda gallesalta blir tekne opp igjen i ileum og brukt opp att. Sidan galle auker opptaket av feitt er han viktig for å ta opp dei feittløyselege vitamina A, D, E og K.
[endre] Problem med gallen
Gallerefluks er ein tilstand der noko av gallen går motsett veg, oppover i tarmen, og når magesekken. Dersom galle når fram til magesekken i større mengder eller over lengre tid, kan dette gje irritasjon i slimhinna i magesekken, såkalla gastritt.
[endre] Historikk
I antikk- og mellomaldermedisin blei gul og svart galle sett på som to av dei fire kroppsvæskene. Overskot av den første kunne føra til sinne, at ein blei ein kolerikar, av den andre til melankoli.
[endre] Annan bruk
Ein har tradisjonelt brukt galle frå slakta dyr som eit tillegg til såpe. Dersom ein set denne blandinga til skittentøyet nokre timar før klesvaskinga vil ho verka godt mot fleire typar vanskelege flekkar.