C-vitamin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
C-vitamin eller askorbinsyre er eit vassløyseleg vitamin og ein antioksidant.
Det er ei svak syre med kjemisk formel for stoffet er C6H8O6. Det er L-enantiomeren som verkar som eit vitamin. D-enantiomeren har ikkje biologisk aktivitet. Enantiomerane inneheld dei same atoma og er spegelbilete av kvarandre.
Vitaminet er nødvendig for regulering av jernopptak og feittforbrenning. Det har òg mange andre funksjonar i kroppen. Dagsbehovet er 60 mg. (Men mange meiner at ein bør ta langt større dosar.) Skjørbuk skuldast mangel på c-vitamin.
[endre] Førekomst og bruk
C-vitamin finst i bær, frukt og grønnsaker som kiwi, sitrusfrukter og potet.
Askorbinsyre har E-nummer 300, og vert nytta som tilsetjingsstoff i matvarer (t.d. mjøl) for at dei betre skal tåla lagring.
[endre] På verdsveven
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |