On Amazon.it: https://www.amazon.it/Complete-Concordances-James-Bible-Azzur/dp/B0F1V2T1GJ/


Aten - Wikipedia

Aten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Aten
Akropolis i Aten
Akropolis i Aten
Plassering
Aten (Hellas)
Aten
Aten
Styresmakter
Land
Periferi
Prefektur
Hellas Hellas
Attika
Aten prefektur
Grunnlagd 2000-talet fvt.
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

38,964 km²
411,717 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)
   - folketettleik
 - Storbyområde

745 514
  19 133/km²
3 761;810
Koordinatar 37°58′00″N 23°43′00″EKoordinatar: 37°58′00″N 23°43′00″E
Høgd over havet 70 - 338 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 10x xx, 11x xx, 120 xx
Telefon-retningsnummer 21
Bilnummer Yxx, Zxx, Ixx (men ikkje INx)
Heimeside: www.cityofathens.gr


Aten, eller Athen, gresk Athína (Αθήνα), er hovudstaden i Hellas, og ligg sørvest i landet. Byen er den største i Hellas, og storbyområdet har rundt 3 800 000 innbyggjarar. Folketalet har vakse kraftig i dei siste tiåra, og Aten er prega av trafikkproblem og luftureining. I dag er den greske hovudstaden det 8. største storbyområdet i Europa. Storbyområdet er eit økonomisk, industrielt, politisk og kulturelt senter i Hellas. Byen er óg vorte eit handelssenter i EU. Sjølve byen har eit areal på 39 km², medan storbyområdet har eit areal på 412 km².

Aten var eit senter for kunst, kunnskap og filosofi, heimstad for Platon sitt akademi og Aristoteles sitt Lykeion. Aten var óg fødestad for Sokrates, Perikles, Sofokles og mange andre framståande filosofar, forfattarar og politikarar i antikken. Ofte vert byen kalla den vestlege siviliasjonen si vugge. [1] og fødestaden til demokratiet[2]

Arva frå antikken er framleis godt synleg i byen, som ein kan sjå på dei mange antikke monumenta og kunstverka. Mest kjend av alle er ParthenonAkropolis, som står som eit episk landemerke for den vestlege sivilisasjonen. Byen inneheld óg mange monument frå romersk og austeromersk tid.

Aten var vertsby for dei første moderne olympiske leikane i 1896, og 108 år seinare var dei igjen vertsby for sommar-OL.

Aten er ein del av Aten prefektur i periferien Attika.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Utsikt over Aten frå Akropolis.
Utsikt over Aten frå Akropolis.
Hefaisteion
Hefaisteion

Dei eldste spora av menneske i Aten er frå neolittisk tid. I bronsealderen oppsto eit mer organisert samfunn, ein del av den mykenske palasskulturen. Etter denne kulturen fall omkring 1200 f.Kr. fulgte den mørke tidsalderen (om lag 1200 til 900 f.Kr). Det er frå denne perioden ein del spor etter aktivitet i Aten, men det ser ikkej ut til å ha vore eit samfunn som var organisert i noko særleg grad.

Byen byrja å vekse rundt 900 f.Kr. Fram til omkring 640 f.Kr. var Aten eit kongedøme med ei aristokratisk styreform. Atenarane la under seg Attika i denne perioden. Medan alle greske bystatar hadde kontroll over eit område rundt sjølve byen, skil Aten seg ut med eit særs stort territorium. Under tyrannen Peisistratos byrja byen å markere seg som eit sentrum for kunsthandverk og arkitektur.

I 510 f.Kr. fekk motstandarane av tyranniet hjelp frå Sparta til å endre styreforma. Det athenske demokratiet var eit direktedemokrati med ei rekkje særpreg.

Sidan 558 f.Kr. hadde persarane drive ein gradvis ekspansjon. Persiske styrkar kom til det greske fastlandet i 490 f.Kr.. I løpet av krigen vart Athen omleira, og måtte evakuerast to gonger, men i 479 f.Kr. vart persarane slått ved Plataiai, og gav opp forsøket på å erobre Hellas.

Athen hadde vorte den dominerande bystaten i Hellas, noko som skapte uro i Sparta. Krigane mellom dei enda til slutt med Athen sitt nederlag, og då Filip II av Makedonia ekspanderte inn i Hellas, hadde ikkje atenarane sjans til å stå imot. Byen var i hans kontroll, og son hans, Aleksander den store, styrka denne kontrollen.

Athen haldt fram å vere ein viktig by óg i hellenistisk tid, men var ikkje lenger ein sjølvstendig stat. Byen vart leiande på kultur og utdanning, og dei filosofiske skulane tiltrakk seg studentar frå store delar av den greske verda - og etter kvart óg den romerske.

Hellas vart innlemma i Romarriket i 86 f.Kr.. Athen fekk enno mindre påverknad politisk sett, men vart viktig som utdanningssenter. Paulus reiste mellom anna til Athen for å forkynne kristendomen, og Hellas vart eit av dei første områda Romarriket som tok til seg den nye trua. Dette markerer byrjinga på slutten for Athen som utdanningssenter, men det var ikkje før under keisar Justinian, i 529 at det vart stengt.

Athen var i austromersk tid berre ein provinsby. Mange av kunstverka i byen vart flytta til Konstantinopel, og han vart plyndra fleire gonger utan å ha sjans til å stå imot. Frå 1204 til 1458 kjempa austromarane mot franske og italienske riddarar om kontroll over Athen og andre greske byar. Den franske La Roche-familien fekk tittelen Hertug av Athen. På 1300-talet herska katalanske og sicilianske adelsmenn i Athen.

Det osmanske riket erobra Athen i 1458. Dei gjorde mykje for å bevare dei antikke bygningane i byen, men nokre endringar vart gjort - Parthenon vart gjort om til moske. På 1600-talet gjekk venetianarane til åtak på byen, og i 1687 vart Parthenon øydelagd då ei kanonkule traff eit ammunisjonslager i det gamle tempelet. Mykje av det som sto igjen etter stridane vart nytta som bygningsmateriale. Året etter sette tyrkarane byen i brann, og i 1778 bygde dei ein bymur av restar frå antikke monument.

Greske opprørarar erobra Athen i 1822 under den greske sjølvstendekrigen, men tyrkarane tok han tilbake i 1826. Dei haldt han til 1833, då dei måtte gje tapt for grekarane. Athen vart då hovudstad for Hellas. Byen var på det tidspunktet ikkje så mykje meir enn ei husklynge nedanfor Akropolis, der bydelen Plaka ligg i dag.

[endre] Plassering og infrastruktur

Stor-Athen har eit folketal på om lag 3,7 millionar, meir enn ein tredjedel av folketalet i heile Hellas. Byen vaks sterkt etter den andre verdskrigen, særleg fram til om lag 1980. Dette har medført stor forureining, eit problem som i dei seinare åra har ført til store investeringar i infrastruktur. Spesielt mykje vart gjort etter 1996, då Athen vart tildelt dei olympiske sommarleikane i 2004. Mykje av midlane til dette kom frå EU. Forureininga vart óg verre på grunn av klimaet, då temperaturinversjonar fører til at utslepp vert liggande som eit lok over byen.

Byen ligg på den sentrale sletta i Attika, som grenser til fire fjell: Aegaleo i vest, Parnitha i nord, Penteli i nordaust og Hymettos i aust. Mot sørvest ligg Saroniabukta. Athen dekkjer i dag heile sletta, og kan i liten grad vekse utover på grunn av desse naturlege grensene.

Grunnen er steinete, og det er lite dyrkbar mark. Byen sitt naturlige og historiske sentrum er Akropolis, og det er i dette området ein óg finn dei eldste spor etter menneske. Det moderne sentrumet er Syntagmaplassen (Grunnlovsplassen), der parlamentet ligg.

Hamnebyen Pireus var opphavleg ein eigen by, men har vore innlemma i Stor-Athen.

[endre] Turistattraksjonar

Athen var eit turistmål allereie i antikken. Det er framleis dei antikke monumenta som trekk turistane. Forureininga og trafikkproblema som plagar byen gjer den elles ikkje til det ideelle reisemålet. Mykje har vorte gjort for å betre på dette, mellom anna ein kraftig opprustning av området rundt Akropolis. Store delar av området er no sperra for biltrafikk, noko som óg gjev litt mer vern mot forvitring av marmoren.

Akropolis med Parthenon, tempelet til Atene.
Akropolis med Parthenon, tempelet til Atene.

Akropolis med Parthenon, Erekhteion og andre klassiske bygningar er dei viktigaste turistmåla. Rett utanfor inngangen ligg Areopagos, høgda der Folkedomstolen haldt til. Ved trappa opp på denne høgda står ei bronseplate med utdrag frå Apostelgjerningane til minne om Paulus si forkynning i Athen.

Nedanfor Akropolis ligg Athens agora, som var torget i antikken. Dette er i dag eit arkeologisk utgravningsområde. På eit høgdedrag over agoraen ligg Hefaisteion, som vert rekna det best bevarte doriske tempelet i verda.

I nærleiken av Syntagmaplassen ligg Kallimarmaro stadion. Denne idrettsarenaen er frå antikken, og er særs grundig rekonstruert med tribunar i marmor etter dei originale måla. Det er plass til omkring 60 000 tilskodarar. Han har ei anna form enn den ein kan sjå på moderne anlegg - langsidene er langt lengre i forhold til kortsidene. Han vart nytta som hovudarena i dei første moderne olympiske leikane i 1896, men er i dag ikkje egna fordi utøvarane ikkje er vand til dei krappe svingane. Han vart i sommar-OL 2004 derfor berre nytta til avslutninga av maratonøvinga.

Det største museet i Athen er Det nasjonale arkeologiske museumet. Her finn ein den største samlinga i verda av antikk gresk kunst. Andre populære museum er Benakimuseet og museet for kykladisk kunst.

Utanom dei antikke levningane er Plaka den mest populære bydelen. Her finn ein Athen sitt vidkjende loppemarked, og eit mylder av småbutikkar i dei trange gatene. Mange av gatene er stengd for biltrafikk. Bydelen Psirri er populær for sine mange utestader.

Olympiastadion
Olympiastadion

Ein ny attraksjon i Athen er arenaene etter sommar-OL 2004.

[endre] Infrastruktur

Athen har lenge hatt et metrosystem, med ei linje frå byen til Pireus. Metroen har vorte sterkt opprusta og fekk to nye linjer i samband med OL. Som i andre antikke byar har dette vore eit vanskeleg og dyrt arbeid, då ein heile tida støter på levningar av antikke bygningar. Ei av linjene skal forlengast til flyplassen. I tillegg til metro er det både buss og trikk.

Eleftherios Venizelos lufthamn opna for trafikk i mars 2001. Denne erstatta den gamle Ellinikon lufthamn.

Det går motorvegar nordover mot Thessaloniki og vestover mot Korint. Sistnemnde held fram vidare både til Tripoli og Patras.

[endre] Lokalstyre

Stor-Athen er delt inn i 54 kommunar, der den største er Dimos Athinaion, med omkring 1 million innbyggjarar. Den nest største er hamnebyen Pireus. Kvar av kommunane har ei vald rådsforsamling og ein borgarmeister.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Aten
Static Wikipedia March 2008 on valeriodistefano.com

aa   ab   af   ak   als   am   an   ang   ar   arc   as   ast   av   ay   az   ba   bar   bat_smg   bcl   be   be_x_old   bg   bh   bi   bm   bn   bo   bpy   br   bs   bug   bxr   ca   cbk_zam   cdo   ce   ceb   ch   cho   chr   chy   co   cr   crh   cs   csb   cv   cy   da   en   eo   es   et   eu   fa   ff   fi   fiu_vro   fj   fo   fr   frp   fur   fy   ga   gd   gl   glk   gn   got   gu   gv   ha   hak   haw   he   hi   ho   hr   hsb   ht   hu   hy   hz   ia   id   ie   ig   ii   ik   ilo   io   is   it   iu   ja   jbo   jv   ka   kab   kg   ki   kj   kk   kl   km   kn   ko   kr   ks   ksh   ku   kv   kw   ky   la   lad   lb   lbe   lg   li   lij   lmo   ln   lo   lt   lv   map_bms   mg   mh   mi   mk   ml   mn   mo   mr   ms   mt   mus   my   mzn   na   nah   nap   nds   nds_nl   ne   new   ng   nl   nn   nov  

Static Wikipedia (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2006 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Static Wikipedia February 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu