Aten-asteroide
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aten-asteroidar er ei gruppe nærjordsasteroidar namnsetter etter 2062 Aten, den første aten-asteroiden som vart oppdaga. Definisjonen på ein aten-asteroide er at den har ein store halvakse mindre enn ein astronomisk eining (AE). Aten-asteroidar treng likevel ikkje å ha heila bana innanfor jordbana; nesten alle aten-asteroidane har aphel større enn èin AE. Aten-asteroidar med med aphel innanfor jordbana vert kalla Aphohele-asteroidar. I mai 2004 var det berre to kjente apohelar: 2003 CP 20 og 2004 JG 6.
Den minste kjente store halvakse er 0,642 AE og høyrer til (66391) 1999 KW4, sjølv om 2004 JG 6 ser ut til å ha ein endå mindre ein.
For ein kort tidsperiode ved slutten av 2004 såg det ut til at aten-asteroiden 99942 Apophis kunne koma til å slå ned i jorda i år 2029, men seinare observasjonar kunne utelukka den moglegheiten.
[endre] Bakgrunnsstoff
Smålekamar i solsystemet |
---|
Vulkanusasteroidar · nærjordsasteroidar · hovudbeltet · jupitertrojanar · kentaurar · damokloidar ·neptuntrojanar ·kometar · transneptunske-objekt (Kuiperbeltet • spreiddeskiva-objekt • Oorts sky)
For andre objekt og regionar, sjå asteroidekategoriar, binærasteroidar, asteroidemånar, meteoroidar og solsystemet. |