Neptuntrojan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neptuntrojanar er småplanetar med same omløpstid som Neptun. Generelt sett vert småplanetar med omløpstid likt eit større objekt kalla trojanar. Alle kjende neptuntrojanar ligg i regionen rundt L4 lagrangepunktet 60° foran Neptun, ingen er enno funne i L5, 60° bak.
Dei kjende trojanane er:
- 2001QR322
- 2004 UP10
- 2005 TN53
- 2005 TO744
- 2006 RJ103.
Oppdaginga av 2005 TN53 hintar til at det kan eksistera ein stor populasjon av neptuntrojanar, sannsynlegvis mange gongar større enn den i lagrangepunkta til Jupiter. Dersom nokon neptuntrojanar vert oppdaga i L5, kan det bli mogleg for New Horizons å undersøka dei sidan romsonden passerar gjennom regionen i 2014 på sin veg mot Pluto.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Neptune May Have Thousands of Escorts hos SPACE.com
- A Thick Cloud of Neptune Trojans and Their Colors (2006) Science 313, pp. 511-514 av S. Sheppard og C. Trujillo
Smålekamar i solsystemet |
---|
Vulkanusasteroidar · nærjordsasteroidar · hovudbeltet · jupitertrojanar · kentaurar · damokloidar ·neptuntrojanar ·kometar · transneptunske-objekt (Kuiperbeltet • spreiddeskiva-objekt • Oorts sky)
For andre objekt og regionar, sjå asteroidekategoriar, binærasteroidar, asteroidemånar, meteoroidar og solsystemet. |