Damokloide
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Damokloidar er asteroidar som 5335 Damocles og 1996 PW som tilhøyrer Hally-familien eller som har lange banar med høg eksentrisitet lik periodiske kometar som Halleys komet, men som ikkje har ein koma eller komethale.
Damokloidar er antatte å vera kjernane av Halley-type-kometar som har mista alle dei flyktige stoffa (gassane) etter gjentekne nærpasseringar av Sola. Slike kometar er tenkte å koma frå Oorts sky. Denne hypotesen er styrka av at ei rekkje lekamar som ein trudde var damokloidar viste seg å utvikla koma og vart bekrefta å vera kometar. Desse var: C/2001 OG108 (LONEOS), C/2002 CE10 (LINEAR), C/2002 VQ94 (LINEAR), C/2004 HV60. Endå eit sterkt bevis er at ein fjerdedel av damokloidane har retrograde banar, ulikt dei fleste andre asteroidar.
I juli 2007 kjende ein til 36 damokloidar. Snittradiusen deira ligg på åtte kilometer. Albedoane til fire damokloidar har blitt målt, og dei er blant dei mørkaste objekta som er kjende i solsystemet. Damokloidar er raude i farge, men ikkje så raude som mange kuiperbelteobjekt eller kentaurar.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Liste over damokloidar
- David Jewitt, The Damocloids
- David Jewitt, A first look at the Damocloids
Smålekamar i solsystemet |
---|
Vulkanusasteroidar · nærjordsasteroidar · hovudbeltet · jupitertrojanar · kentaurar · damokloidar ·neptuntrojanar ·kometar · transneptunske-objekt (Kuiperbeltet • spreiddeskiva-objekt • Oorts sky)
For andre objekt og regionar, sjå asteroidekategoriar, binærasteroidar, asteroidemånar, meteoroidar og solsystemet. |