Wiesbaden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wiesbaden mellom 1890 og 1905 | |
Byvåpen | Plassering |
![]() |
|
Styresmakter | |
---|---|
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
![]() Hessen Darmstadt Kreisfri by |
Grunnlagd | År 6 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
257,8 km² |
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
287 000 1 406/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 115 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 65001 - 65207, 55240 - 55252 |
Telefon-retningsnummer | 0611, 06122, 06127, 06134 |
Bilnummer | WI |
Heimeside: www.wiesbaden.de |
Wiesbaden er ein by i Tyskland og hovudstad i delstaten Hessen. Byen ligg ved Rhinen der ho møter elva Main. Dei største nabobyane er Mainz, Darmstadt og Frankfurt am Main. Wiesbaden har om lag 285 000 innbyggjarar.
I byrjinga av 1905 passerte folketalet 100 000 innbyggjarar og han fekk dermed status som storby.
Wiesbaden ligg 25 minutt med S-Bahn frå Frankfurt internasjonale flyplass.
Innhaldsliste |
[endre] Bydelar
Byen er delt inn i 20 bydelar: Biebrich, Schierstein, Sonnenberg, Bierstadt, Dotzheim, Erbenheim, Frauenstein, Heßloch, Igstadt, Mainz-Kastel, Mainz-Amöneburg, Mainz-Kostheim, Auringen, Breckenheim, Delkenheim, Medenbach, Naurod, Nordenstadt, Kloppenheim og Rambach.
[endre] Historie
Ein har funne spor etter busetnadar i Wiesbaden tilbake til steinalderen.
Historiske dokument viser at det har budd folk her sidan romarane reiste ein festning her i år 6. Varmekjeldene i Wiesbaden vart først nemnd av Plinius den eldre i hans Naturalis Historia. Den romerske busetnaden vart først nemnd med namnet Aquae Mattiacorum (latinsk for «Vatnet frå Mattiaci») i 121. Dette namnet viser til stamma Chatti frå Mattiaci (tysk: Mattiaker), som levde i området på den tida. Byen oppstår òg som Mattiacum i Klaudios Ptolemaios sitt verk (2.10).
Alemannarar erobra fortet om lag 260. Seinare på 370-talet, då romarane og alemannarane var allierte, fekk alemannarane kontroll over Wiesbaden-området og hadde ansvar for å forsvare det mot andre germanske stammer.
På 500-talet dreiv frankarane bort alemannarane. På 700-talet bygde frankarane ein kongeleg gardsplass («Königshof», «curtis regia»). Ein gong mellom 828 og 830 nevner Einhard «Wisabada». Dette er første gong namnet Wiesbaden er dokumentert.
I 1170-åra fekk hertugen av Nassau området rundt Wiesbaden som eit len . Dei styrte dette til 1242 då erkebiskopen av Mainz erobra Wiesbaden og brende han til grunne. Wiesbaden gjekk tilbake til huset Nassau i 1270. I 1329 fekk huset Nassau og Wiesbaden rettane til å prege myntar av Ludvig IV av Det tysk-romerske riket.
På grunn av deltakinga i opprøret som førte til den tyske bondekrigen, mista Wiesbaden alle rettane sine i 1525 i over førti år. I denne perioden bygde Wiesbaden ein ny vingard i 1526, og vart protestantisk med Wolf Denthener som den første lutherske pastoren 1. januar 1543. Same dag vart den første latinske skulen opna, som klargjorde elevane for gymnaset i Idstein. I 1566 fekk byen privilegiane sine attende.
Den eldste bygningen som framleis står er det gamle rådhuset, som vart bygd i 1609-1610. Ingen eldre bygningar finns på grunn av to bybrannar i 1547 og 1561.
I 1815 vart hovudstaden i Nassau flytta til Wiesbaden, og han vart residens for hertugen. Ein starta då ein byggeprossess som skulle gje byen eit strålande utsjånad. Det meste av det historiske sentrumet i Wiesbaden kjem frå denne tida. Under den austerriksk-prøyssiske krigen i 1866 valde Nassau å ta austerrikarane si side. Dette førte til slutten på hertugdømet. Etter at Austerrike tapte vart Nassau annektert av Preussen og vart ein del av den prøyssiske provinsen Hessen-Nassau.
Etter den andre verdskrigen vart delstaten Hessem oppretta, og Wiesbaden vart hovudstaden, sjølv om den nærliggande byen Frankfurt er mykje større med mange fleire offentlege kontor.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Wiesbaden frå Engelsk Wikipedia .
[endre] Bakgrunnsstoff
- Panoramabiltete av Wiesbaden
- Fotografi frå Wiesbaden
- Fleire bilete frå Wiesbaden
- Webkamera i Wiesbaden
- Webkamera jernbanestasjonen i Wiesbaden