Mainz
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Byvåpen | Plassering |
![]() |
|
Styresmakter | |
---|---|
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
![]() Rheinland-Pfalz Ingen Kreisfri by |
Geografi | |
Flatevidd - By |
97,75 km² |
Innbyggjarar[1] - By (2007) - folketettleik |
198 501 2 031/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 85-285 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 55001-55131 |
Telefon-retningsnummer | 06131, 06136 |
Bilnummer | MZ |
Heimeside: www.mainz.de |
Mainz er ein by i Tyskland i delstaten Rheinland-Pfalz med om lag 200 000 innbyggjarar. Byen ligg ved Rhinen der ho møter elva Main. Mainz har universitet, bispedømmesete og fleire fjernsyns- og kringkastingsorganisasjonar. Dei største nabobyane er Wiesbaden, Darmstadt og Frankfurt am Main.
Mainz utgjer eitt av dei fem store bysentra i Rheinland-Pfalz.
Folketalet passerte i byrjinga av det 20. århundret 100 000 innbyggjarar og fekk dermed status som storby. Folketalet i 2002 var på 183 822 (ytterlegare 18 619 har hovudbustad andre stader, men eiger ein bustad i Mainz).
Mainz ligg 25 minutt med S-Bahn frå Frankfurt internasjonale flyplass.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Mainz er meir enn 2 000 år gamal. 13 f.Kr. vart det bygd ein romersk festning på staden.
I Mainz vart boktrykkarkunsten utvikla av pionerar som Johann Gutenberg, Johann Fust og Peter Schöffer (svigerson av Fust). Den første boka som vart trykt med mekansikedelar vart trykt her. Denne boka vert kalla «Gutenbergs bibel», og i dag finns det tre perfekt bevarte eksemplar av boka. Ein i London, ein i Parisog ein i Washington D.C.. Teknikken som boktrykkarane i Mainz nytta bygde på den kinesiske boktrykkarkunsten, og sjølv papiret som vart nytta var sannsynlegvis ei kinesisk oppfinning.
[endre] Bydelar
Byen er delt inn i 15 bydelar: Altstadt, Neustadt, Mombach, Gonsenheim, Hartenberg-Münchfeld, Oberstadt, Bretzenheim, Finthen, Drais, Lerchenberg, Marienborn, Hechtsheim, Ebersheim, Weisenau og Laubenheim.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder