Permafrost
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Permafrost er definert som område der MAGT, gjennomsnittleg årleg bakketemperatur (mean annual ground temperature) ligg under trykksmeltepunktet i minst to år på rad. Dette tilsvarar som oftast område der MAAT, gjennomsnittleg årleg lufttemperatur (mean annual air temperature), er −2°C eller kaldare. I Noreg er det typisk permafrost i høgfjellet og på Svalbard.
Innhaldsliste |
[endre] Inndeling
Det fins tre hovudtypar permafrost, eigentleg bare definert etter kor mye permafrost det er i eit område:
[endre] Sporadisk permafrost
Sporadisk permafrost finn ein i område som eigentleg er for varme for å ha permafrost. Men lokale tilhøve gjør at det likevel er isolerte flekkar med permafrost. Typisk er dette i myrområde, som palsmyrar. Dette finn vi mange stader i Noreg, til dømes på Dovre eller i Jotunheimen, rundt 300 til 400 meter lågare enn der vi finn diskontinuerleg permafrost.
[endre] Diskontinuerleg permafrost
Diskontinuerleg permafrost finn vi i Jotunheimen, på Dovre, i Sølen, og andre stader i Sør- og Nord-Noreg. Dette er område med mye permafrost, men som ofte vil vera avbrotne av område utan.
[endre] Kontinuerleg permafrost
Kontinuerleg permafrost finn vi mellom anna høgt i Jotunheimen og på Svalbard. Dette er stader der permafrosten er over alt bortsett frå enkelte stader. På Svalbard til dømes er det kun under dei store isbreane det ikkje er permafrost. Her er permafrosten 100 meter tjukk ved kysten mens han er 400 til 500 meter tjukk i fjellområda.
[endre] Aktivt lag
Kvar sommar smeltar det øvste laget i permafrosten. Dette kallast det aktive laget og vil ha forskjellig tjukkleik avhengig av korleis det lokale klimaet er. Tjukkleiken kan variere frå 0,5 til 5 meter.
[endre] Landformar
Permafrosten gir opphav til ein menge landformar. Dei kan vera:
- pingoar (open og lukka type)
- iskilepolygon
- blokkmark
- strukturmark
- solifluksjon
- palsar
[endre] Infrastruktur i permafrostområde
Bygging i permafrostområde kan vera ei utfordring. Til dømes må alt av kablar og vassrør gå over bakkenivå for ikkje å bli pressa opp av permafrosten og alle oppvarma bygg må plasserast på pelar over bakkenivå så varmestråling ikkje smeltar permafrosten i lausmassane under. Og pelane må vera lengre ned i grunnen enn det aktive laget er tjukt. På Grønland løyser dei problemet på ein annan måte, ved å setja opp bygg på berggrunn.
[endre] Kjelde
Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering |
---|
Gruppe A: Tropisk — Regnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As) |
Gruppe B: Tørt — Ørkenklima (BW) - Steppe (BSh, BSk) |
Gruppe C: Temperert — Fuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb) |
Gruppe D: Kontinentalt — Fuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd) |
Gruppe E: Arktisk — Tundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH) |