Oslofjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oslofjorden er ein fjord som strekk seg frå Rådhuskaia i Oslo og ned til Langesund i Bamble kommune. Langesund ligg på om lag på høgde med Færder fyr og mange definerer starten av Oslofjorden som ei linje mellom desse to. Fjorden er dermed 107 km lang og den femte lengste fjorden i Noreg. Fjorden er den travlaste trafikkåra for skipstrafikk i landet. Området er òg eit viktig rekreasjonsområde, med båtliv, hytteliv og fiske.
Det bur om lag 1,1 millionar menneske rundt Oslofjorden. Frå Langesundsfjorden i vest til svenskegrensa i aust er det til saman 11 byar og mange tettstader.
Oslofjorden har den største trafikken av ferjer og lastebåter i landet. Det er mellom anna fleire utanlandsferjer og bilferjesamband mellom Moss i Østfold og Horten i Vestfold. Kystverkets sjøtrafikksentral som overvakar skipstrafikken i Oslofjorden ligg i Horten.
Oslofjorden går langs fylka Oslo, Østfold, Akershus, Buskerud, Vestfold og delar av Telemark. Skiljet mellom Indre og Ytre Oslofjord går ved Drøbaksundet, sundet der fjorden smalnar mellom Drøbak og Hurum.
Elles går Oslofjordtunnelen (Oslofjordsambandet) mellom Drøbak i Frogn og Storsand i Hurum. Det vart opna i 2000.
[endre] Side- og delfjordar
Sortert frå sør til nord
- Ytre Oslofjord - vestsida:
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Oslofjorden» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2008.