Langesund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Langesund er ein by og ein tettstad i Bamble kommune i Telemark fylke. Langesund ligg heilt ytterst ved grensa til ytre Oslofjord og Skagerrak ved innseglinga til Frierfjorden.
Langesund ligg på ei halvøy og har cirka 5500 innbyggjarar. Langesund er ein sommarby, som yrar av folkeliv frå mai til august. Langesund er den kystbyen i Noreg med flest soldagar i året.
Kulturlivet blomstrar i Langesund kvar sommar; konsertar og festivalar pregar bybiletet. Bl.a. blir det arrangert fiskefestival og shantyfestival. Bob Dylan og a-ha spelte der i 2001. Også andre store artistar som Little Richard, B.B. King, Turboneger, Elton John og mange andre spelt i Langesund.
Langesund vart ladested på 1500-tallet.
Historisk sett er Langesund ein by med lange maritime tradisjonar og var tidleg ein av Noregs viktigaste byar innan skipsfart. Det finst også ein avansert teknologibedrift, Skarpenord AS i byen.
Innhaldsliste |
[endre] Severdigheiter
- Langesund kirke
- Langøytangen fyr
- Wrightegaarden
- Tangen fort
- Langesund ungdomsskole
[endre] Festivalar
- Shanty-festivalen
- Langesund fiskefestival
[endre] Kjende personar frå Langesund
- Atle Selberg, matematiker
- Vidar Busk, musiker
[endre] Eksterne lenkjer
- Langesund 'ekstrem vinteren' 2006, presentert av Roy-Erik Andersen
- [1] Sommerens program i Wrightegaarden.