Neil Young
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neil Young (f. 12. november 1945) er ein kanadisk musikar.
Young er ein anerkjent låtskrivar, vokalist og gitarist, og har i over 30 år vore ein av dei store personlegdomane i rocken. Kjente LP-plater er Harvest, Rust never sleeps og Freedom. Kjente songar frå desse platene er «Needle and the damage done», «My my, hey hey» og «Rockin' in the free world».
Neil Young er kjent for å gå sine eigne vegar, og har fleire gongar endra musikalsk uttrykk. Han har óg vore kompromisslaus når det gjeld haldningar, og støytte frå seg mange fans på 80-talet då han støtta presidentkandidaten Ronald Reagan økonomisk i valkampen. Kontroversiell har óg vore støtta til amerikanske bønder gjennom prosjektet Farm-aid, eit prosjekt av same modell som det meir kjente Live-aid. Men kontroversane har bidratt til å gje Neil Young stor integritet, og Neil Young nyt i dag stor respekt som ein artist som gjennom heile karriera har stått for den han er.
Kjente artistar og band Neil Young har jobba med: Buffalo Springfield, Crosby, Stills and Nash, Crazy Horse, Nils Lofgren. I meir spesielle høve: Bob Dylan (30'th anniverary), Willy Nelson (Farm aid), R.E.M (Bridge school benifit)
![]() |
Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikkspirer. |