Montenegrinsk geografi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Montenegro (serbisk Црна Гора, Crna Gora, tyder «svart fjell») er eit lite fjellkledd land sørvest på Balkan. Det grenser til Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Serbia, Albania og Adriahavet.
Geografiske koordinatar: Koordinatar:
Innhaldsliste |
[endre] Terreng
Terrenget i Montenegro varierer frå høge toppar langs grensene til Serbia og Albania med karstlandskap til ei smal kystslette som berre er 4-6 km brei langs Adriahavet. Kystlinja til Montenegro er 294 km lang, der den lange Kotorbukta medverkar ein god del. Sletta stoppar brått i nord der fjella Lovćen og Orjen stupar ned mot Kotorbukta.
Montenegro ligg i eit karstområde og store delar av landet ligg tusen meter over havet, og fleire fjell strekk seg over 2000 meter. Zetadalen er eit av dei lågaste områda innafor kysten.
Montenegro er eit av dei mest kuperte landa i Europa og eit av dei høgaste fjella er Bobotov Kuk i Durmitor-fjella med ei høgd på 2 522 meter over havet. Ein meinte lenge at dette var det høgaste fjellet i landet før nye målingar viste at Zla Kolata i Prokletije var høgare med 2 534 moh.
Den største innsjøen i landet er Shkodërsjøen på 391 km² som Montenegro deler med Albania. I Montenegro har elva Tara grave ut ei kløft, Tarakløfta, som er den djupaste kløfta i Europa med 1 300 meter på det meste. Dette er òg den nest djupaste kløfta i verda etter Grand Canyon i Arizona.
[endre] Klima
Montenegro har eit middelhavsklima med milde vintrar og solrike, varme somrar. Like innafor kysten ligg Dei dinariske Alpane, og når mild havluft frå Middelhavet strøymer vestover og inn over Montenegro kan ein få liknande forhold som på Vestlandet i Noreg. Dette området er derfor av dei våtaste i Europa. Om vinteren kan den kalde boravinden føre kald luft frå Aust-Europa innover Montenegro, og ein får nokre kalde dagar. Podgorica har ein nedbørsnormal på 1617 mm i året, men enkelte fjell område har nedbørsnormalar på over 4000 mm.
[endre] Store byar i Montenegro
- Podgorica (hovudstad; 136 473 innbyggjarar)
- Nikšić (58 212)
- Pljevlja (21 377)
- Bijelo Polje (15 883)
- Herceg Novi (16 493, inkludert Igalo)
- Berane (11 776)
Den tidlegare kongelege hovudstaden og tronsetet er Cetinje.
[endre] Areal og grenser
Areal:
totalt: 14 026 km²
land: 13 812 km²
vatn: 214 km²
Landegrenser
total: 625 km
grenseland: Albania 172 km, Bosnia-Hercegovina 225 km, Kroatia 25 km, Serbia 203 km
kystlinje: 293,5 km
Maritime krav:
territorialfarvatn: 12 nm
kontinentalsokkel: definert ved avtale
[endre] Naturressursar og arealbruk
Naturressursar:
bauksitt, vasskraft
Arealbruk:
dyrkbar mark: 13,7 %
permanente avlingar: 1 %
anna: 85,3 %
Naturfarar:
Øydeleggjande jordskjelv
[endre] Miljø
[endre] Miljøproblem
forureining av kystområda på grunn av kloakkutslepp, særleg i turistområda som Kotorbukta.
[endre] Miljøvernavtalar
Delaktig i avtalar som omhandlar: Klimaendringar, miljøfarleg avfall, havrett, marin dumping, skipsforureining.
[endre] Kjelder
- Deler av denne artikkelen bygger på «Geography of Montenegro» frå Engelsk Wikipedia, den 6. februar 2008.
|
![]() |
||
---|---|---|---|
Albania • Andorra • Armenia • Austerrike • Aserbajdsjan2 • Belgia • Bosnia-Herzegovina • Bulgaria • Danmark • Estland • Finland • Frankrike • Georgia1 • Hellas • Irland • Island • Italia • Kasakhstan1 • Kroatia • Kviterussland •Kypros2 • Latvia • Liechtenstein • Litauen • Luxembourg • Republikken Makedonia • Malta • Moldova • Monaco • Montenegro • Nederland • Noreg • Polen • Portugal • Romania • Russland1 • San Marino • Serbia • Slovakia • Slovenia • Spania • Storbritannia • Sveits • Sverige • Tsjekkia• Tyrkia1 • Tyskland • Ukraina • Ungarn | |||
Biland, sjølvstyre og andre landområde Abkhasia1 • Adsjaria1 • Akrotiri og Dhekelia • Færøyane • Gibraltar • Guernsey • Krim • Isle of Man • Jersey • Kosovo • Nagorno-Karabakh1 • Nakhitsjevan1 • Åland |
|||
1Har større område i Asia. 2Ligg i Vest-Asia, men vert rekna inn under Europa på grunn av kulturelle, politiske og historiske årsaker. |