Estisk geografi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Estland er eit land i Baltikum ved den austlege kysten av Austersjøen. Landet grenser til Finskebukta i nord og ligg mellom Latvia og Russland. Estland er eit flatt land, og den gjennomsnittlege høgda er berre 50 meter.
Oljeskifer og kalkstein, i lag med skogane som dekkjer 47 % av landet, spelar ei viktig økonomisk rolle i dette landet som elles har få naturressursar. Estland har over 1 500 innsjøar og vatn, mange myrområde, og ei kystlinje på 3 794 km med mange bukter, sund og viker. Hamna Muuga i Tallinn er ei av dei beste isfrie hamnene i Europa.
Estland si strategiske plassering har ført til mange krigar om territoriet gjennom historie. I 1944, då landet var okkupert av Sovjetunionen vart regionane Jaanilinn og Petseri annektert. Rettstillinga om desse områda, og kor grensa går er i dag framleis ikkje avgjort mellom Estland og Russland.
Innhaldsliste |
[endre] Geografiske trekk
Estland er eit lågt land med ei flatevidd på 45 226 km². Estland har ei lang kystlinje langs Austersjøen med 1 520 øyar og skjer. Dei to største øyane er Saaremaa med 2 673 km² og Hiiumaa med 989 km². Desse to øyane er ein populær feriestad i Estland. Det høgaste punktet i landet, Suur Munamägi er ein skogkledd ås søraust i landet, og strekk seg 318 meter over havet. Han er òg det høgaste punktet i heile Baltikum. Estland er dekka med om lag 18 000 km² skog. Jordbruksområda utgjer om lag 9 260 km², enger 2 520 km², og beiteområda 1 810 km². Det finns meir enn 1 400 naturlege og kunstige innsjøar og vatn i Estland. Den største av dei, Peipus (3 555 km²), dannar ein stor del av grensa mellom Estland og Russland. Den nest største innsjøen, Võrtsjärv på 270 km² ligg sentralt i landet. Narva og Emajõgi er dei viktigaste av dei mange elvane i Estland.
Estland har ei 267 km lang landegrense med Latvia, og 290 km med Russland. Frå 1920 til 1945 gjekk Estland si grense mot Russland, fastsett av Tartufreden i 1920, lenger aust for elva Narva i nordaust, og forbi byen Petsjorij (Petseri) i søraust. Dette området, som utgjer om lag 2 300 km² vart innlemma i Russland av Stalin etter den andre verdskrigen. Estland vil no ha tilbake det tapte området.
[endre] Klima
Estland har eit temperert klima som ikkje er ulikt det ein finn i Skandinavia. Austersjøen medverkar i stor grad til dette, og fører til kjølig og fuktig vêr året rundt, og vintertemperaturane er relativt milde samanlikna med andre område på same breiddegraden. Dei nordlege kystområda kan derimot få kraftig vind innimellom som gjev ganske så sure forhold, i tillegg til den kalde austanvinden frå Russland. Lett snøfall er vanleg over heile landet om vinteren, men smelteperiodar som kjem med jamne mellomrom hindrar snødekket i å verte for djupt. Om sommaren har ein regn og regnbyger om lag kvar andre eller tredje dag. Mai og juni er den tørraste tida på året. Tallinn har ein normal årsnedbør på 585 mm.
[endre] Miljø
Den tyngste arva etter sovjetperioden i Estland er den omfattande forureininga. Den sovjetiske hæren var blant dei verste syndarane, og militære installasjonar frå denne tida dekkjer 800 km² av Estland. Militæret dumpa hundretusenvis av tonn med jetdrivstoff i jorda, og kasta giftige kjemikaliar, og gamalt sprengstoff og våpen i sjøen ved kysten og i dei mange innsjøane. Då hæren trakk seg tilbake frå Estland i 1990 vart det gjort store øydeleggjingar på kasserte bygningar og utstyr. I oktober 1993 laga det estiske miljødepartementet ein foreløpig rapport, som oppsumerte øydeleggjingane. Rapporten skildra at dei hadde gått verst utover matjorda og dei underjordiske vasskjeldene på grunn av systematisk dumping av jetdrivstoff frå seks sovjetiske flybasar. Ved flybasen nær Tapa vart det estimert at seks kvadratkilometer med land var dekka av drivstoff, og 11 kvadratkilometer av grunnvatnet var forgifta. Vatnet i det omliggande området var ikkje mogeleg å drikke. Med dansk hjelp byrja estlendarane å rense området.
Andre miljøproblem er luftforureining. Nesten 75 % av den estiske luftforureininga kjem frå to oljeskiferbaserte varmekraftverk, som er i drift nær Narva. Gruvedrifta etter oljeskifer nordaust i Estland etterlot og gigantiske haugar med kalkstein. Nær byen Sillamäe, der det tidlegare låg eit atomkraftverk, vart om lag 1 200 tonn med uranium og 750 tonn thorium dumpa i Finskebukta. Dette skal ha skapt alvorlege helseproblem for innbyggjarane i området.
Naturfarar: Flaum oppstår ofte på våren
Miljøproblem: Lufta er kraftig forureina med svoveldioksid på grunn av kraftverk som brenn oljeskifer i nordaust. Jordsmonnet og grunnvatnet er forureina med petroleumprodukt og kjemikaliar frå tidlegare sovjetiske militærbasar. Estland har meir enn 1 400 naturlege og kunstige innsjøar, og dei minste av desse som ligg i jordbruksområda er kraftig forureina av organisk avfall. Sjøområda nær kysten er forureina mange stader.
Miljøvernsavtalar:
delaktig i avtalar som omhandlar: Biologisk mangfald, klimaendringar, utryddingstrua dyreartar, miljøfarleg avfall, skipsforureining, vern av ozonlaget, våtmarksområde.
signert, men ikkje stadfesta: Kyoto-avtalen
[endre] Areal og grenser
Areal:
total: 45 226 km²
land: 43 211 km²
vatn: 2 015 km²
merk: inkluderar 1 520 øyar i Austersjøen.
Landegrenser:
totalt: 633 km
grenseland: Latvia 339 km, Russland 294 km
Kystline: 3 794 km
Maritime krav:
økonomisk sone: faste grenser etter avtalar med nabolanda
territorialfarvatn: 12 nm
Geografiske ytterpunkt:
lågaste punkt: Austersjøen 0 m
høgaste punkt: Suur Munamägi 318 m
[endre] Naturressursar og arealbruk
Naturressursar: oljeskifer, torv, forforitt, rav, blåleire, kalkstein, dolomitt, dyrkande jord.
Arealbruk:
dyrkande jord: 25 %
permanente avlingar: 0 %
permanent beite: 11 %
skogområde: 44 %
anna: 20 % (1996 est.)
Irrigert land: 110 km² (1996 est.)
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Geography of Estonia frå Engelsk Wikipedia .
|
![]() |
||
---|---|---|---|
Albania • Andorra • Armenia • Austerrike • Aserbajdsjan2 • Belgia • Bosnia-Herzegovina • Bulgaria • Danmark • Estland • Finland • Frankrike • Georgia1 • Hellas • Irland • Island • Italia • Kasakhstan1 • Kroatia • Kviterussland •Kypros2 • Latvia • Liechtenstein • Litauen • Luxembourg • Republikken Makedonia • Malta • Moldova • Monaco • Montenegro • Nederland • Noreg • Polen • Portugal • Romania • Russland1 • San Marino • Serbia • Slovakia • Slovenia • Spania • Storbritannia • Sveits • Sverige • Tsjekkia• Tyrkia1 • Tyskland • Ukraina • Ungarn | |||
Biland, sjølvstyre og andre landområde Abkhasia1 • Adsjaria1 • Akrotiri og Dhekelia • Færøyane • Gibraltar • Guernsey • Krim • Isle of Man • Jersey • Kosovo • Nagorno-Karabakh1 • Nakhitsjevan1 • Åland |
|||
1Har større område i Asia. 2Ligg i Vest-Asia, men vert rekna inn under Europa på grunn av kulturelle, politiske og historiske årsaker. |