Molte
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Molte |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Rubus chamaemorus Linné, 1753 |
Molte (Rubus chamaemorus) er ein plante i rosefamilien. Det gule bæret smakar godt og vert nytta som mat. Molte er namnet både på plana og bæret.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Molteplanten er ein fleirårig urt som gjerne veks på myr. Høgda er 5 - 20 cm.
Molte har ein krypande jordstengel, og mange blomar kan kome frå same plante. Blomstrane er kvite. På ein enkelt plante er det berre hoblomster eller berre hannblomster, ikkje begge delar. Fruktene, som er samansette av små steinfrukter, vert gule når dei mognar.
Molta har ei karakteristisk utvikling frå blome til moga frukt.
- Blomen er open
- Kronblada fell av, og begerblada, hamsen, let seg att.
- Frukta startar å vekse, kvit til grøn.
- Ein ser den harde raude frukta, karten, mellom begerblada.
- Bergerblada rettar seg ut, Frukta er mogen.
[endre] Utbreiing
Molteplanten veks over heile Noreg. Han er å finne i torvmark, på næringsfattig myrjord, og i open skog. I Gudbrandsdalen veks han opp til 1400 m.o.h. På dei høgste veksestadane er plantene ofte sterile.
Elles veks han rund heile den nordlege halvkula. For det meste finn ein molta mellom 55°N og 78°N. I tillegg til Norden, veks han og i Baltikum, gjennom Nord-Russland aust til Stillehavet. Små forekomstar er funne lenger sør, mellom anna i Tysklan. Der kan han finnast i Weser og Elbe dalane. I Nord-Amerik veks molte gjennom det meste av Alaska og Canada.
[endre] Kultur
Myrbær er eit anna namn på molte. Det vert særleg brukt om den mogne frukta.
Molta er fylkesblomster i Finnmark. Nesseby kommune har ein molteplante i kommunevåpenet Den finske 2 euro mynten viser molte og molteblome. .
[endre] Bruk
Bæra vert mellom anna brukt til syltetøy og moltekrem. Dei kan òg brukast til å laga likør av. Molte inneheld mykje C-vitamin. Molta har vore viktig for den nordlegaste delen av Noreg. Difor er det forbod mot å plukke molte på annan manns molteland. Dette gjeld i Finnmark, Troms og Nordland[1]. Tidlegare var det forbod mot å plukke moltekart over heile landet. Den lova vart vekkteka då det ikkje ser ut som molteplanten tek skade av kartplukking, noko ein tidlegare trudde.
[endre] Kjelder
- C. A .M. Lindman: Nordens Flora. Oslo 1977
- Knut Fægri: Norges Planter Oslo 1970
- Ørjan Nilsson: Nordisk Fjellflora. Oslo 1995
- Høeg, Ove Arbo: Planter og tradisjon. Universietsforlaget, 1975. ISBN 82-00-08930-4
- Denne artikkelen bygger på «Cloudberry» frå Engelsk Wikipedia, den 21. 02.2008