Maxwells likningar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maxwells likningar er dei fire viktigste likningane i elektromagnetisme, og skildrer korleis elektriske og magnetiske felt oppfører seg og korleis dei samverkar med stoff. Dei blei sett saman av James Clerk Maxwell og publisert i 1865.
Likningane kan skrivast i differensialform og integralform. I differensialform står for divergens, og
for rotasjon (curl).
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Likningane over er på differensiell form. Den første likninga uttrykker korleis elektrisk lading lager eit elektrisk felt (Gauss' lov), den andre eksperimentelt fråvær av magnetisk lading (Gauss' lov om magnetisme), nummer tre korleis straum lager magnetiske felt (Ampères lov), og den fjerde korleis vekslande magnetiske felt skapar vekslande elektriske felt (Faradays lov om induksjon). Maxwell var den første som samla desse fire likningane og såg at loven til Ampère måtte rettast: Vekslande elektriske felt verker som straum, og skapar òg magnetiske felt.