Luftpakke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein luftpakke blir i meteorologien definert som ein klump med luft i atmosfæren. Storleiken av luftpakken avheng av kva skala ein ser på. Meteorologar studerer rørsla til luftpakkar og endringar som skjer i dei i samband med vêrvarsling.
Ein kan tenke seg ein luftpakke som ei øskje fyllt med luft som har tenkte veggar, botn og lok. Ein luftpakke har visse eigenskapar, varme og fukt er blant dei viktigaste. Visst pakken får tilført varme, blir pakken varmare enn omgivnadane og vil stige. På same måte vil pakken søkke om den blir kaldare enn omgivnadane. Blir ikkje pakken påverka av omgivnadane, skjer det heller ingen endringar med pakken.