Meteorologi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Meteorologi (samansett av gresk meteoros, 'i luft', og logos, 'lære') er vitskapen om atmosfæren.
Meteorologien legg vekt på dei nederste 100 km av atmosfæren. Meteorologane prøver å forstå og beskrive dei fysiske og kjemiske prosessane som pågår her. Meteorologi vert difor ofte kalla læra om vêret.
Det er vanleg å dele faget inn i kjemisk meteorologi, fysisk meteorologi og dynamisk meteorologi.
Faget grensar oppover til ionisfærisk fysikk og nedover til oseanografi, hydrologi og fysikken til den faste jorda.
[endre] Kjende meteorologar
- Lewis Fry Richardson
- Vilhelm Bjerknes
- Jacob Bjerknes
- Carl-Gustaf Rossby
- Tor Bergeron
- Edward Lorenz
[endre] Lenkjer ut
![]() |
Denne vêr- eller klimarelaterte artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over meteorologispirer. |