Landheving
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landheving er ei heving av jordskorpa i forhold til havnivået.
I område som var dekt av innlandsisen, blant anna Norden og Canada, får ein postglasial landheving. I andre område, der jordskorpeplatene møtast, får ein tektonisk landheving. Rørslene til jordskorpa kallast isostasi.
Nivået til havoverflata relativt til jordoverflata blir au påverka av endringar i det totale volumet av vatn i verdenshava. Dette blir kalla eustasi.
Innhaldsliste |
[endre] Postglasial landheving
På slutten av den siste istida var delar av Nord-Europa og Nord-Amerika dekt av eit opp til tre km tjukt islag. Isen pressa på grunn av tyngda jordskorpa ned i mantelen. Når isen smelta, byrja landet å stige igjen. På grunn av at jordmantelen har høg viskositet tar denne prosessen tusenvis av år.
Forsking har visa at landhevinga i starten var i storleiken 75 mm/år. Denne fasen pågikk i ca 2000 år da isen blei tynnare og drog seg bakover. Når isen hadde forsvunne, minska landhevinga til ca 25 mm/år, og avtok sia eksponensielt. Ein reknar med at landhevinga kommer til å fortsette i ca 10 000 år til. Der landhevinga i dag er størst kan ca 50 100 m landheving gjenstå.
Den største landhevinga i Noreg skjer i det indre av Oslofjorden. Her stig landet med fire mm/år. Den minste landhevinga i Noreg er på Sørvestlandet der det er litt negativ landheving.
I Sverige er landhevinga aller størst i Norrland og spesielt i Ångermanland (Höga kusten), der ho har vore 15 meter dei siste 500 åra. Den synlege landhevinga, dvs. landhevinga i førhold til havoverflata, er i dag cirka sju mm/år i Ångermanland. Noverande maksimum ligg ein stad i nordre Bottenvika og er på cirka ni mm/år. I Mälardalen er hevinga som i Oslo cirka fire mm per år medan det i Skåne som på Jæren er ei landsenking på 0–1 mm/år. På 1900-talet steig samtidig havoverflata med ca ein mm/år, og difor er den virkelege landhevinga i dag større enn den synlege.
[endre] Oppdaging
Denne effekten var så merkbar i Sverige at ein på syttenhundretalet trudde at det som skjedde var ei vatnminsking. På initiativ frå Anders Celsius blei det hogd inn eit tal merke i bergveggar runt om i Sverige. Ved hjelp av desse kunne ein alt i 1765 sjå at det ikkje var ein vatnminsking men ei ujamn landheving. Årsaka til landhevinga var likevel ukjent tils skotten Thomas Jamiesson i 1865 satte ho i samband med istida som ein hadde oppdaga i 1837. Fyrst etter at Gerard de Geer undersøkte gamle strandlinjer blei teorien allment akseptert. Dette var i 1890.
[endre] Effektar
Ein konsekvens av landhevinga er land som stig opp av havet. Ved Ångermanland i Sverige ligg til dømes den høgaste kystlinja ca 300 m høgare enn dagens strandlinje. I osloområdet er marin grense på 220 meter og på Lista bare på åtte meter. Ein annan konsekvens er at innsjøars storleik blir forandra. I Sverige tippar landet stadig meir mot sør, og dermed kjem vatn med avløp i sør til å krympe mens vatn med avløp i nord vokser. Eit døme er Vättern. Der stig vatnet høgare i sør ved Jönköping. Effekten merkast bare for vatn med stor utstrekking i nord-sør.
Landhevinga har hatt stor betyding i Norden. Mälaren var tidlegare ei vik av Østersjøen, men på grunn av landhevinga blei den kutta av av for ca 1000 år sia, noe som gjorde at at Stockholm blei grunnlagt på midten av 1200-talet. Mange hamner rundt Østersjøen, blant anna Östhammar og Torneå, har blitt flytta ein eller fleire gonger da hamnene blei for grunne. På lang sikt kommer Bottenvika til å bli ein innsjø.
I Storbritannia var Skottland men ikkje søndre England dekka av isen. I dag er der difor ei landsenking i Sør-England som økar risikoen for oversvømmingar av havet, spesielt i områda ved dei nedre delane av elva Themsen. I kombinasjon med klimaendringa kan dette føre til at Londons oversvømmingsvern (Thames Barrier) kjem til å bli underdimensjonert alt etter 2030.
Dei store sjøane i Nord-Amerika ligg i stort sett på «vippelinja» mellom land som blir heva og senka. Øvresjøen var tidlegare del av ein mye større sjø saman med Lake Michigan og Lake Huron, men landhevinga delte opp sjøane for 2100 år sia. I dag skjer ei landsenking ved sørkysten til sjøane og landheving ved nordkysten.
[endre] På verdsveven
Svenske Lantmäteriets side om landheving, med kart
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |