Khan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khan, også stava Xan, Han, Ke-Han, er ein tittel på ein herskar eller ein militær leiar i altaiske språk. Khan var oprinneleg berre ein tittel på tyrkisk for ein leiar av ein stamme, før mongolar og tyrkarar brakte den til resten av Asia. No har tittelen mange tilsvarande meiningar, som kommandør, leiar eller herskar. I dag eksisterar Khanar for det meste i det sørlige Asia, Sentral-Asia og Iran. Dei kvinnelege variantane er Khatun, Khatan og Khanum. Forskjellige mongolske, tyrkiske og hunerske folk frå Sentral-Asia brakte med seg tittelen til Afghanistan og nordre India der tittelen seinare vart adoptert av lokalbefolkninga som eit namn. Khagan (Khan av Khanar) eller Stor-Khan, var tittelen til Dsjengis Khan og hans etterkomarar.