Mongolske språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mongolske språk er ein språkfamilie som blir snakka i dei nordlege delane av Asia.
Dei mongolske språka skil seg frå kvarandre framfor alt syntaktisk, leksikalsk sett er det ikkje så store skilnader dei i mellom.
Dei mongolske språka blir ofte bunta saman i lag med tyrkiske og tungusiske språk til ein altaisk språkfamilie, men denne teorien får mindre og mindre støtte.
[endre] Klassifisering
Sjølv om avgrensinga av dei mongolske språka mot andre språkfamiliar er uproblematisk, er den interne strukturen til språkfamilien problematisk. Den tradisjonelle inndelinga i aust- og vestmongolsk (med ein restkategori av "randspråk") er geografisk heller enn genetisk motivert.
- Vestmongolsk
- Austmongolsk
- Andre mongolske språk
- Dauriske språk i Indre Mongolia
- Moghol i Afghanistan
- Ein del andre små språk, som Tu
[endre] Litteratur
- Janhunen, Juha (2003): The Mongolic Languages. London: Routledge
- Clauson, Gerard (1962): Turkish and Mongolian studies. London: Luzac
- Comrie, B. (1981): The languages of the Soviet Union. Cambridge: CUP
- Masica, Colin P. (1976): Defining a linguistic area: South Asia. Chicago, IL / London: Chicago UP
- Ramsey, S. Robert (1987): The languages of China. Princeton
Mongolske språk |
klassisk mongolsk språk | mongolsk | dagursk | monguorsk | guluighursk | pao-an | santa | oiratsk | kalmyksk | burjatisk | khalkamongolsk | khorchinsk | ordos |
![]() |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |