Karl Popper
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl Raimund Popper (28. juli 1902–17. september 1994) var ein austerriksk filosof og vitskapsteoretikar.
Popper vart født i Wien i Austerrike som son av ein advokat av jødisk opphav, og tok doktorgraden i filosofi ved Universität Wien i 1928. Han arbeidde først i Tyskland, hovudsakeleg som filosof, med vitskapsteori som spesialitet. Etter Anschluss emigrerte han til New Zealand og seinere til Storbritannia. Karl Popper blir rekna som den mest innflytelsesrike vitskapsfilosofen på 1900-talet.
Et viktig tema hos Popper var forskjellen mellom det han skildra som genuint testbare teoriar og teoriar som riktig nok stod fram som vitskapelege, men som ikkje var testbare og derfor var pseudo-vitskap. Teoriar for eksempel frå Adlers og Freuds arena var av denne ikkje-testbare mytiske typen. Dei var, slik Popper såg det, fascinerande nok, men stod fram som grunnleggande upålitelege. Som eksempel på ein dristig teori av eit anna vitskapeleg kaliber trakk han fram Einsteins relativitetsteori. Relativitetsteorien medførte at det var mogeleg å forutseie konsekvensar som var testbare. På den måten var den eit svært dristig vitskapeleg teori samtidig som han, i tilfelle han viste seg å overleve denne testen, hadde ein annan substans av pålitelegheit.
[endre] Bibliografi
- Logik der Forschung, 1934
- The Open Society and its Enemies, 1946
- The Poverty of Historicism, 1961
- Conjectures and Refutations: The Growth of Scientific Knowledge, 1963
- Objective Knowledge: An Evolutionary Approach, 1972
- Unended Quest; An Intellectual Autobiography, 1976
- The Self and Its Brain: An Argument for Interactionism (med John C. Eccles), 1977
- The Open Universe: An Argument for Indeterminism, 1982
- Realism and the Aim of Science, 1982
- Die Zukunft ist Offen (med Konrad Lorenz), 1985
- The Myth of the Framework: In Defence of Science and Rationality, 1994
- Knowledge and the Mind-Body Problem: In Defence of Interactionism, 1994
- In Search of a Better World
[endre] Bakgrunnsstoff
![]() |
Denne filosofiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over filosofispirer. |