Diskusjon:Karbondioksid
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
hei - tenkjer å utvida denne sida litt den neste veka. i den samanhengen lurar eg litt på ein ting:
dersom eg har kjelder som er ein del av ein artikkel i wikipedia på eit anna språk, der artikkel om det temaet ikkje finnest på nn endå, kva gjer eg då?
- lenkar til artikkelen/ avsnittet på det andre språket på same måte som ei ekstern lenke?
- lagar nn-side på det temaet m/vanleg anna-språk-lenke som spire?
- ev er det ingen veg utanom "porting" av det aktuelle innhaldet eg er interessert i (på ei nn-side som i punktet over)?
ingvald 10:34, 8 mai 2007 (CEST)
- I første omgang trur eg det er best å følga punkt 1 og bruka artiklane som referansar. Du kan gjera dette på fleire måtar, anten ved å laga fotnoter for kvart av punkta du referer, eller ved å oppgje artiklane du har brukt som kjelder for heile artikkelen.
- Dersom stoffet det er snakk om blir lagt inn i andre artiklar på nn: seinare, kunne det sjølvsagt vore fint å rydda litt i denne, og berre peika til artiklen på nn:. Men det kan lett bli ein evigvarande runddans med stadig nye artiklar. Håper eg har forstått deg rett og gjeve eit brukande svar. --Ranveig 11:20, 8 mai 2007 (CEST)
-
- flott - takk! det var akkurat ein slik respons eg var på jakt etter, ja :) ingvald 16:34, 8 mai 2007 (CEST)