Kalamáta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plassering | ||
---|---|---|
|
||
Styresmakter | ||
Land Periferi Prefektur |
![]() Peloponnes Messinia |
|
Geografi | ||
Flatevidd - By |
253,2 km² |
|
Innbyggjarar - By (2001) - folketettleik |
57 620 228/km² |
|
Koordinatar | Koordinatar: | |
Høgd over havet | 0-21 m | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 241 00 | |
Telefon-retningsnummer | 27210 | |
Bilnummer | KM |
Kalamata (gresk: Καλαμάτα, eldre form Kalamai) er ein by i prefekturet Messinia, der han er hovudstad, i Peloponnes i Hellas. Han ligg om lag 60 km søraust for Kyparissia, 120 km søraust for Pyrgos, om lag 80 km sørvest for Tripolis, om lag 60 km vest for Sparta, nordvest for Areopoli og om lag 8 km aust for Messene. Byen har i dag oppunder 60 000 innbyggjarar.
Byen har ein internasjonal flyplass og ei viktig hamn. Frå her kan ein nå den greske øya Kythira.
Messiniabuka, der Kalamta ligg, har fleire lange strender. Fjella Taygetos ligg 4 km aust for Kalamata.
Oliven og olivenolje er viktige eksportvarer frå Kalamata.
[endre] Historie
I motsetnad til mange andre greske byar har ikkje Kalamata ei historie tilbake til antikken. Messini, som óg ligg i Messinia, er ein antikk stad. Frå 1681 styrte venetianarane Kalamata. Den 23. mars 1821 vart Kalamata den første byen som vart frigjort frå den osmanske okkupasjonen som vart i over 300 år. Greske opprørsstyrkar under generalane Theodoros Kolokotronis, Petros Mavromikhalis og Papaflessas. I 1825 øydela Ibrahim Pasha byen under den greske sjølvstendekrigen. Kalamata vart bygd opp at og vart ei av dei viktigare hamnene i Middelhavet. Det nest eldste handelskammeret i Middelhavet, etter det i Marseille, ligg i Kalamata.
29. april 1941 vart det utkjempa eit slag nær hamna mellom dei invaderande tyske styrkane og ein newzealandsk divisjon. Etter den andre verdskrigen, av politiske årsaker, vart Kalamata og Peloponnes ikkje tatt med i regjeringa sine utviklingsplanar, som heller fokuserte på Nord-Hellas. Dette gjekk utover den lokale økonomien og hamna, og dermed byen, vart mindre viktig. Først etter at byen vart hardt råka av eit jordskjelv 13. september 1986 gjekk styresmaktene inn med midlar for å få byen på fote att. Kalamata er derfor i dag ein moderne hovudstad med alle fasilitetar og goder, og har mellom anna eit av dei mest moderne sjukehusa i Hellas.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Kalamata frå Engelsk Wikipedia .