Julesongar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julesongar er songar av varierande innhald og form som har til felles at dei særleg blir framførte eller spela i tida rundt jul. Dei har ofte eit innhald som minner om jula, til dømes ved å visa til Jesusbarnet, juleevangeliet, julefeiring eller vinter, men kan også vera knytta til høgtida gjennom tradisjon, utan å ha noko eigentleg juleinnhald. Mange julesongar er folkeeige som er kjende og blir sungne av store delar av eit samfunn. Dei kan dimed kallast «ekte» folkemusikk.
På same måte som julemat og julepynt følger julesongar ulike tradisjonar innan ulike land og språksamfunn, men mange av dei finst også på fleire språk og er spreidde rundt i heile verda. Fleire julesongar har røter tilbake til mellomalderen, medan andre er kome til i nyare tid. Særleg på 1800-talet blei det skrive mange nye julesongar som kom med i skandinavisk tradisjon.
Innhaldsliste |
[endre] Bakgrunn
Den kristne julesongtradisjonen går tilbake til kyrkjelege julespel og feiringar av juletida, som tok til i mellomalderen. Nokre av dei moderne norske julesongane, som «Eit barn er født i Betlehem» og «Eg synger julekvad», stammar frå denne tida. Julesongane og -salmene feira den underbare fødselen av ein frelsar slik han blei skildra i juleevangeliet. Ein annan, minst like gammal tradisjon er muntre julesongar utan kristeleg innhald, til dømes songleikar som «Reven rasker over isen» eller «Så går vi rundt om en enebærbusk».
Fleire julesongar kom til på 1800-talet, då den opphavleg tyske skikken med å gå syngande rundt eit juletre breidde seg. Som dei eldre songane la også desse vekt på hendingane omtala i juleevangeliet. Men det blei også laga songar utan religiøst innhald, som «På låven sitter nissen».
I løpet av 1900-talet blei julesongar spreidde ved hjelp av massemedia, og slik kunne både artistar sine innspelingar av julesongar og nyskrivne songar og breiast raskt utover verda. Den gamle julesongen «O helga natt» med si kjende innspeling av Jussi Björling si framføring og nyare «White Christmas», først og fremst sungen av Bing Crosby, er døme på dette.
[endre] Bruk
Ein syng særleg julesongar når ein går rundt juletreet julaftan og på juletrefestar eller ved kyrkjebesøk i samband med jula. Julebukkar framfører julesongar for å få julebukkløna si, og kor kan opptre ute blant folk eller på konsert til støtte for seg sjølv eller andre.
Musikkutøvarar kan i tillegg til å halda julekonsertar spela inn singlar eller plater med julesongar. Songane vert òg mykje spela på radio, fjernsyn og i kjøpesenter i heile juletida.
[endre] Norske julesongar
Julesong | Tekst skriven | Opphavleg språk | På nynorsk | På bokmål | Tema |
---|---|---|---|---|---|
«Det hev ei rose sprunge» | 1500-talet | Tysk | 1900 | ? | Frelsar, vinter, rose |
«Det kimer nå til julefest» | 1810 | Dansk | - | (dansk 1810) | Frelsar, song |
«Det lyser i stille grender» | 1931 | Norsk | 1931 | - | Barn, frelsar, juleevangeliet, lys |
«Du grøne, glitrande tre» | 1866 | Dansk | 1906 | 1910? | Frelsar, juletre, stjerne |
«Eg er så glad kvar julekveld» | 1859 | Norsk | 1906 | 1859 | Frelsar, glede, julefeiring, lys, song |
«Eg synger jolekvad» | 1300-talet | Latin | - | 1905 | Frelsar, song |
«En stjerne skinner i natt» | 1992 | Norsk | - | 1992 | Englar, fred, frelsar, song, stjerne |
«Eit barn er født i Betlehem» | 1500-talet | Latin | 1905 | (dansk 1850) | Frelsar, juleevangeliet |
«Fager er den himmel blå» | 1840 | Dansk | 1900 | (dansk 1840) | Frelsar, fred, englar, juleevangeliet |
«Fager er jordi» | 1600-talet | Tysk | 1905 | (dansk 1850) | Frelsar, fred, englar, juleevangeliet |
«Frå høge himmel kjem eg ned» | 1535 | Tysk | ? | (dansk 1850) | Frelsar, fred, englar |
«Glade jul» | 1818 | Tysk | 1906 | (dansk 1850) | Frelsar, fred, glede, englar |
«Her kjem me, dine arme små» | 1732 | Dansk | 1881 | (dansk 1732) | Frelsar, tilbeding |
«Joleklokkor over jordi» | 1923 | Norsk | 1923 | - | Frelsar, fred, klokker |
«Kimer, I klokker» | 1856 | Dansk | - | - | Frelsar, klokker, julefeiring |
«Kling no, klokka» | 1889 | Norsk | 1889 | - | Frelsar, englar, juleevangeliet, klokker |
«Mitt hjerte alltid vanker» | 1732 | Dansk | - | (dansk 1732) | Frelsar, juleevangeliet |
«Musevisa» | 1949 | Norsk | - | 1949 | Julefeiring, dyr |
«Nå tennes tusen julelys» | 1898 | Svensk | Frelsar, glede, lys | ||
«På låven sitter nissen» | 1911 | Norsk | - | 1911 | Dyr, graut, julefeiring, nisse |
«Reven rasker over isen» | 1600-talet eller tidlegare | Skandinavisk | ? | ? | Dyr, korleis ein gjer noko |
«Så går vi rundt om en enebærbusk» | ? | Norsk | 1899 | ? | Julefeiring, korleis ein gjer noko |
«Å jul med di gleda» | 1800-talet | Dansk | 1906 | (dansk) | Julefeiring, glede, song |
[endre] Sjå òg
[endre] Kjelder
[endre] Bakgrunnsstoff
Advent: Adventskrans - Adventsstjerne - Luciadagen Julefeiringar: Litle julaftan - Julaftan - Juledag - Andre juledag - Tredje juledag Julemat: Julekaker - Juleøl - Lutefisk - Pinnekjøt - Ribbe Julemusikk: Julesongar Julefigurar: Jesusbarnet - Julenissen - Tre vise menn Julepynt: Julekrybbe - Juletre Anna: Juleevangeliet - Julefred - Julekort |