Hygrometer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hygrometer er eit instrument som blir brukt for å måle fukt. Eit psykrometer er eit enkelt hygrometer som består av to termometer, der det eine har ein følar som er konstant våt og målar våttemperaturen. Fordamping frå følaren fører til lågare temperatur, slik at termometeret vanlegvis viser lågare temperatur enn det tørre termometeret. Når lufttemperaturen er under frysepunktet kan derimot våttermometeret (som då er dekka med eit tynt islag) vise høgare temperatur enn tørrtermometeret. Relativ fukt blir rekna ut ved hjelp av dei to temperaturane, eller ved å bruke psykrometeriske diagram. Eit instrument som nyttar seg av tørr/våttemperaturmetoden er slyngepsykrometeret, der termometera er festa til eit handtak eller eit tau, som ein så slynger rundt i lufta eit par minutt.
Det finns fleire andre hygrometer som er vanleg å bruke. Ofte blir det brukt menneske- eller dyrehår som blir stramma for å finne luftfukta. For å kunne sjå endringa over tid registrerar mange hygrometer målingane på eit papir som ein så kan lese av.
[endre] Doggpunkthygrometer
Doggpunktet er temperaturen der fuktig luft (eller ein anna gass som inneheld vassdamp) blir metta med vassdamp. Viss lufttemperaturen blir lågare enn doggpunkttemperaturen vil vatn byrje å kondensere frå lufta. Doggpunkthygrometer med avkjølte speil er det mest presise instrumentet ein har. Dei brukar avkjølte speil og ein optoelektronisk mekanisme for å måle kondensasjonen på speilflata. Temperaturen til speilet blir kontrollert av ein elektronisk tilbakekopling som opprettheld ei dynamisk likevekt mellom fordamping og kondensasjon på speilet, og på den måten blir doggpunkttemperaturen nøyaktig målt.
Moderne instrument brukar elektronikk for å måle fukta. Dei to mest vanlege elektroniske sensoarane er kapasitiv eller resistiv. Dei kapasitive sensorane registrerar vatn ved å sende eit AC signal mellom to plater og måler endringa i kapasitansen som vatnet skapar. Dei resistive sensorane brukar ein polymermembran som endrar konduktivitet etter kor mykje vatn den absorberar. Temperaturen må òg målast, sidan den påverkar kalibreringa av desse sensoarane.
I meteorologien blir slynge eller motoriserte psykrometer brukt. Drivhus og industristader bruker hygrometer og ein finn dei i badstuer, tobakksfukter og museum.