Holvene
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dei øvre og nedre holvenene (latin vena cava superior og inferior) er to store vener som tømmer blod frå det store kretsløpet i hjartet hos mennesket. Dei tømmer seg i høgre forkammer. Av det deoksygenerte blodet som returnerar til hjartet er berre blodet frå koronarkretsløpet som går utanom holvenene.
[endre] Øvre holvene
Øvre holvene blir danna av dei to venae anonymae som går saman i den stutte øvre holvena. I tillegg kjem vena azygos inn rett før holvena går inn i høgre forkammer ovantil.
Ein anatomisk variant er ein persisterande venstresidig øvre holvene som tømmer seg i høgre forkammer via koronarsinus. Dette er ein rest frå fostertida og er til stades hos om lag 3 promille av befolkinga. Tilstanden er ikkje fårleg. Som regel, men ikkje altid, er då venstresidig vena anonyma ikkje til stades.
[endre] Nedre holvene

Nedre holvene ligg bak bukhinna (lat. peritoneum) på høgre side av ryggraden. Ho tek i mot blod frå beina, bekkenområdet, levra (og gjennom ho tarmane) og nyrane. Ho kjem inn i hjartet i høgre forkammer nedanfrå og baktil. Der ligg ein kraftig fold, valvula Eustachi, og styrer blodstraumen mot forkammerskiljeveggen. Dette har ein viktig funksjon i fosterkretsløpet.
[endre] Vena azygos
Vena azygos drenerar blod frå området mellom ribbeina og nokre andre område. Ho er knytt både til nedre og øvre holvene.
|
---|
Blod | Hjarte → Livpulsåre → Pulsåre → Kapillær → Vene → Holvene → Hjarte → Lungepulsåre → Lungene → Lungevene → Hjarte |