Guyana
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg Guyana (fleirtyding)
Co-operative Republic of Guyana | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
|
|||||||
Nasjonale motto: engelsk: One People, One Nation, One Destiny (Eit folk, ein nasjon, ein lagnad) | |||||||
![]() |
|||||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||||
Hovudstad | Georgetown | ||||||
Styresett |
Republikk Bharrat Jagdeo Sam Hinds |
||||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
214 970 km² (83.) 8,4% |
||||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (2002) - Tettleik |
765 283 (156.) 749 150 4/km² (184.) |
||||||
Sjølvstende frå Storbritannia |
26. mai 1966 | ||||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
3,541 mrd. USD (157.) 4 685 USD (104.) |
||||||
Valuta | Guyanesk dollar | ||||||
Tidssone | UTC -4 | ||||||
Nasjonalsong | «Dear Land of Guyana, of Rivers and Plains» | ||||||
Nasjonaldag | 23. februar | ||||||
Internasjonal telefonkode | +592 | ||||||
Nasjonale toppdomene | .gy
|
Guyana er eit land i det nordaustlege Sør-Amerika med kyst mot Atlanterhavet. Landet utgjer den vestre delen av den større Guianaregionen, og grensar til Brasil, Surinam og Venezuela. Surinam krev å få overta område i det austlege Guyana, og Venezuela gjer krav på område i den vestlege delen av landet.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Guyana er tredelt: Landet har ei smal, myrlendt slette langs Atlanterhavskysten, eit sandbelte lengre inne i landet som òg inneheld regnskog og mykje av mineralreservane i Guyana, og eit større høglandsområde som er samansett av savannar og fjell. Det høgaste fjellet er Monte Roraima, med eit toppunkt på 2 810 moh.
Dei viktigaste elvane er Essequibo, Demerara, Corentyne og Berbice.
[endre] Klima
Atlanterhavskysten av Guyana er stort sett påverka av den fuktige og nordaustlege passatvinden. To gonger i året passerer den intertropiske konvergenssona med skyer og regn i heile området. Første passasjen er frå mail til juli og den andre frå november til januar. Låglandet har eit typisk varmt, vått og tropisk klima med om lag like mange våte dagar som tørre dagar. Om natta er det særleg lummert og trykkande, men om dagen har ein i kystområda ofte ein sjøbris som gjev litt friskare forhold.
Det høgare platået i indre strøk har litt mindre nedbør, og som regel ei våtare tid som varer frå april til september. Alle månadane får likevel ein del regn. Dagtemperaturane er litt lågare enn på kysten og nattetemperaturane er mykje lågare, så klimaet her er mindre ubehagleg.
[endre] Historie
Då europearar kom til området rundt 1500 budde her stammar av arawakar og karibar. I løpet av det neste hundreåret kom det til fleire europeiske busetjingar, først av nederlendarar, som grunnla koloniana Essequibo (1616), Berbice (1627) og Demerara (1752). Storbritannia tok kontroll over koloniane most slutten av 1700-talet og fekk formelt overlevert området frå Nederland i 1814. Dei tre blei slått saman til éin koloni, Britisk Guiana, i 1831.
[endre] Administrativ inndeling
[endre] Regionar
Guyana er delt inn i ti regionar:
- Barima-Waini
- Cuyuni-Mazaruni
- Demerara-Mahaica
- East Berbice-Corentyne
- Essequibo Islands-West Demerara
- Mahaica-Berbice
- Pomeroon-Supenaam
- Potaro-Siparuni
- Upper Demerara-Berbice
- Upper Takutu-Upper Essequibo
Sør-Amerika |
Argentina| Bolivia | Brasil | Chile | Colombia | Ecuador | Guyana | Panama |
[endre] Lenkjer ut
[endre] Kjelder
- Tilsvarande artikkel på engelske Wikipedia
- geohive.com - Innbyggjarar