Den europeiske unionen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Motto: In varietate concordia (latin: Sameint i ulikskap) |
|
Nasjonalsong: An die Freude | |
![]() |
|
Offisielle språk | Sjå dei offisielle språka til EU |
President for Europarådet | Wolfgang Schüssel (Austerrike) |
President for Europakommisjonen | José Manuel Durão Barroso |
President for Europaparlamentet | Josep Borrell |
Areal - Totalt |
Rangering 8 3,892,685 km2 (EU 25) |
Folketal - Totalt (2004) - Folketettleik |
Rangering 3 453 300 000 (EU 25) 116,4 innb/km² |
BNP (2004) - Totalt - Per capita |
Rangering 2 €10,202,336,800,000 €22,300 |
Grunnlagd Som EEC - Signering - Ikraftsett Som EU |
Romapakten - 25. mars 1957 - 1. januar 1958 Maastricht-traktaten |
Valuta | Euro (EUR eller €) |
Unionsdag | 9. mai (Europadagen) |
Tidssone | UTC 0 til +2 |
Toppdomene | .eu (i bruk frå 2005); andre nivå .eu.int i bruk |
Den europeiske unionen (EU) er ein mellomstatleg organisasjon av europeiske statar, etablert ved Den europeiske unionstraktaten (Maastricht-traktaten). Det juridiske grunnlaget i dag er Nice-traktaten, som vart gjeldande frå 1. mars 2003.
EU er den mektigaste regionalt avgrensa, mellomstatlege organisasjon ein kjenner i historia, og går attende til den tysk-franske kol- og stålunionen frå 1950. Leiande personar i dette miljøet var pådrivarar for ein politisk prosess som førte fram til Roma-traktaten som la det formelle grunnlaget for det fellesskapet som har utvikla seg til Den europeiske unionen.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Organisasjonen vart grunnlagd under namnet Det europeiske kol- og stålfellesskapet. Tanken var at ein ved å samarbeide om desse nøkkelindustriane ville motiva for ein ny krig i Europa falle bort. Organisasjonen skifta namn til Det europeiske økonomiske felleskapet. Namnet vart seinare endra til Det europeiske fellesskapet (EF), og sidan til Den europeiske unionen (EU).
I Noreg har det vore to folkeavstemmingar om landet skulle gå inn i EU. Både i 1972 og i 1994 vart det eit knapt fleirtall mot medlemskap.
[endre] Organisering

EU har fem institusjonar:
- Europaparlamentet
- Rådet for Den europeiske unionen
- Europakommisjonen
- EF-domstolen
- Revisjonsretten
I tillegg kjem fem viktige organ:
- Den økonomiske og sosiale komiteen
- Regionskomiteen
- Den europeiske sentralbanken
- Den europeiske ombudsmannen
- Den europeiske investeringsbanken
[endre] EUs tre søyler
EU byggjer på tre hovudområde, kalla søyler:
- 1. søyle: Dei europeiske fellesskapa (overstatleg); omfattar tollunionen, landbruk, fiske og alt som går inn under den indre marknaden. Europakommisjonen førebur saker, set dei ut i livet når vedtak er gjort og overvakar at regelverket vert etterlevd i den enkelte medlemsstaten. EF-domstolen er øvste domsinstans.
- 2. søyle: Felles utanriks- og tryggleikspolitikk (mellomstatleg); omfattar felles utanriks- og tryggleiksspolitikk i EU. Europakommisjonen kan fremje forslag, men har ingen utøvande oppgåver. Hovudregelen er at vedtak må fattast einstemmig. EF-domstolen har ingen domsrett.
- 3. søyle: Politi- og strafferettsleg samarbeid (mellomstatleg); omfattar det strafferettslege samarbeidet (kamp mot kriminalitet, politisamarbeid med meir). Europakommisjonen kan fremje forslag, men har ingen utøvande oppgåver. Hovudregelen er at vedtak må fattast einstemmig. EF-domstolen har ingen domsrett.
Alt samarbeid som finn stad i EU, skjer i dei tre søylene og er heimla i dei ulike traktatane og traktatreglane som utgjer samarbeidet. EU er slik ikkje ein eigen internasjonal organisasjon, men er eit samlebegrep for dei tre søylene. Fordi EU ikkje er eit eige rettssubjekt, kan den heller ikkje opptre utad på vegne av medlemslanda. Skal EU opptre utad som ei eining, må medlemslanda opptre i fellesskap som statar - dei har ingen felles organ som har myndigheit til å forplikte dei. Organa som kan opptre utad på vegne av medlemsstatane og til å gje reglar som er bindande for dei, tilhøyrer Det europeiske fellesskap, dvs. den første «søyla» i samarbeidet.
[endre] Medlemsland
Unionen utgjer 27 statar. I 1950 var dei seks stiftande medlemmane:
Desse er ofte referert til som «dei seks» eller «kjerne-Europa».
21 nye statar slutta seg til unionen i dei fem følgjande utvidingane:
- 1973: Storbritannia, Danmark, Irland
- 1981: Hellas
- 1986: Portugal, Spania
- 1995: Austerrike, Finland, Sverige
- 2004: Kypros, Tsjekkia, Estland, Ungarn, Latvia, Litauen, Malta, Polen, Slovakia, Slovenia,
- 2007: Bulgaria, Romania
[endre] Kritikk av EU
- EU-motstandarar i Noreg har kritisert EU for å vere eit overstatleg, nyliberalt og udemokratisk prosjekt. Dei meiner at den nye grunnlova slær fast dette i enda sterkare grad enn før, ved at den gjev meir makt til EU-parlamentet og fjerner enkeltlanda sin vetorett på nye område. Grunnlova slår fast at fri flyt av personar, tenester, varer og kapital i tillegg friare etablering, skal vere ein del av dei grunnleggande rettane. Andre har igjen kritisert EU for å vere eit stort byråkrati, som det er vanskelig å påverke og skaffe seg innsikt over for enkeltpersonar.
[endre] Andre relevante artiklar
- EFTA
- NATO
Norske organisasjonar som arbeider med EU-spørsmål
- Europabevegelsen
- Europeisk Ungdom
- Nei til EU
- Folkeaksjonen mot EU-medlemskap
- Ungdom mot EU
[endre] Bakgrunnsstoff
- Offisiell side
- Noregs delegasjon til EU
- Den europeiske sentralbanken i Frankfurt am Main
- EU Observer
- Euronews
- Europedia
- Informasjon om EU-utvidinga
Den europeiske unionen (EU) | ![]() |
---|---|
Austerrike | Belgia | Bulgaria | Danmark | Estland | Finland | Frankrike | Hellas | Republikken Irland | Italia | Kypros | Latvia | Litauen | Luxembourg | Malta | Nederland | Polen | Portugal | Romania | Slovakia | Slovenia | Spania | Tsjekkia | Tyskland | Storbritannia | Sverige | Ungarn |