Cuba
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: spansk: Patria y Libertad | |||||
![]() |
|||||
Offisielle språk | Spansk | ||||
Hovudstad | Havanna | ||||
Styresett |
Republikk Fidel Castro |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
110&nbsP;860 km² (105.) Ubetydeleg |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
11 346 670 (70.) — 102/km² (73.) |
||||
Sjølvstende |
Frå Spania 10. oktober 1868 |
||||
BNP - Totalt (—) - Per innbyggjar |
— (—.) — (—.) |
||||
Valuta | Cubansk peso | ||||
Tidssone | UTC -4 | ||||
Nasjonalsong | La Bayamesa | ||||
Nasjonaldag | 26. juli | ||||
Internasjonal telefonkode | +56 | ||||
Nasjonale toppdomene | .cu | ||||
Cuba (eller Kuba), den største staten i Karibia, er ein republikk og ei øy som ligg i overgangen mellom Mexicobukta, Det karibiske havet og Atlanterhavet. Landet er velkjend for å vera under sosialistisk styre og handelssanksjonar frå USA
Landet ligg sør for Florida i USA og Bahamas, vest for Turk og Caicosøyane og Haiti, aust for Mexico og nordvest for Caymanøyane og Jamaica. Namnet Cuba skal ha kome frå tainoordet cubanacán, som tyder 'sentral stad'.
[endre] Historie
Dei første menneska, kalla guanajatabeyes, kom til Cuba om lag 10.000 f.Kr. Siboneyane, som fortsatt haldt til på øya då europearane kom, vandra inn om lag 1000 f.Kr. Den siste folkegruppa, tainoane, kom til frå Hispaniola rundt 1100, med ei ny bølge rundt 1450.
Europearar gjekk i land på øya for første gong den 28. oktober 1492. Christoffer Columbus døypte henne Juana, etter den spanske tronfølgjaren, men dette blei erstatta av det innfødde namnet Cubanacán, seinare forkorta til Cuba.
Diego Velázquez leia den spanske invasjonen på øya og blei utnemnd til guvernør i 1511. Han grunnla byen Baracoa, som blei den første hovudstaden i landet. Urfolka på øya blei tvingde inn i reservat, brukte som slavar, drepne i kamp eller av nyinnførte sjukdommar. Talet på innfødde gjekk ned frå fleire titals eller hundre tusen til om lag seks tusen. Eit opprør leia av Hatuey blei slått ned.
Etter kvart tok spanjolane til å innføra afrikanske slavar på øya. Den første større lasta kom i 1520, men innføringa tok seg først opp på 1600- og 1700-talet. Samstundes ønska få spanjolar å slå seg ned på øya. Dei søkte seg heller til land som var rikare på gull og anna lettent rikdom.
1700-talet førte med seg fleire åtak frå britiske styrker. I 1762 haldt dei Havana i ti månader, noko som førte til ein fredsavtale i 1763 der Florida blei britisk, medan Cuba igjen blei heilt spansk.
Ved byrjinga av 1800-talet fantest mange ulike meiningar om kvar øya skulle gå. Mange innfødde kreolar ønska sjølvstende, andre ville ha retta innan Spania, medan andre igjen såg med velvilje på USA sitt ønske om å ta over området. Ein grunnlov for landet blei innført i 1812, same året som eit slaveopprør blei slått ned. Fleire forsøk på å oppnå sjølvstende mislukkast. I 1844 blei nok eit opprør mot slavehald, støtta av både svarte og kvite, slått ned ved hjelp av tortur, dødsstraffer og deportasjonar. Fleire tilbod frå USA om å kjøpa området blei avviste av Spania.
I 1868 tok ein krig for sjølvstende til som skulle vara i ti år til i Orienteprovinsen. USA valde å halda seg nøytralt i konflikten. Ein fredsavtale underskriven i 1878 ende med nederlag for opprørsstyrkene, som verken oppnådde sjølvstende eller slutt på slavehaldet. I 1886 blei det likevel endeleg oppheva, men erstatta med kontraktarbeid, hovudsakleg kinesarar.
24. februar 1895 tok den andre sjølvstendekrigen til med fridomserklæringa El Grito de Baire. USA anerkjende ikkje erklæringa, men gjekk i 1898 til åtak på denne og dei andre spanske koloniane Puerto Rico og Filippinane. 10. desember dette året gjekk Spania med på å gje opp makta og handelsmonopolet i desse koloniane, og etter fire år med amerikansk styre blei endeleg ein sjøvstendig kubansk stat til i 1902. USA fekk likevel fortsatt stor innverknad på landet, og ein forpaktingsavtale på vika Guantanamo Bay.
Landet blei styrt av diktatorane Gerardo Machado og Fulgencio Batista til Fidel Castro tok makta i 1959, etter fleire års kamp. Han innførte kommunisme i landet, og sit fortsatt med makta i dag.
Mellom-Amerika og Karibia |
---|
Antigua og Barbuda | Bahamas | Barbados | Belize | Costa Rica | Cuba | Dominica | Den dominikanske republikken | El Salvador | Grenada | Guatemala | Haiti | Honduras | Jamaica | Mexico | Nicaragua | Panama | Saint Kitts og Nevis | Saint Lucia | Saint Vincent og Grenadinane | Trinidad og Tobago |