Bulgarsk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bulgarsk språk høyrer til den sørslaviske gruppa på den slaviske greina av dei indoeuropeiske språka. Det blir tala av omlag 9 millionar menneske, først og fremst i Bulgaria (ca 7,3 millionar), men òg i Hellas, Romania, Makedonia, Kviterussland og Tyrkia. Attåt bulgararane talar òg folkegruppa pomakane bulgarsk.
Det finst fleire dialektar. Det bulgarske skriftspråket er i stor grad tufta på dialektane i det sentrale Bulgaria rundt byen Veliko Turnovo.
Bulgarsk skriftspråk brukar det kyrilliske alfabetet, med somme landsspesifikke særtrekk. For småbokstavar blir ofte såkalla kursivformer bruka også i opprett skrift. Da desse delvis skil seg sterkt frå dei russiske standardformene som også finst i dei fleste leksika, oppstår det for folk utan særleg kjennskap til dei slaviske språka (turistar osv.) ofte problem når dei skal lese til dømes gateskilt.
Vokabularet er i hovudsak slaviske arve-ord. Låneord kjem framfor alt frå gresk og tyrkisk språk. Bulgaria var lenge underlagt det tyrkiske Osmanske riket. Sidan 1800-talet har det vore fleire freistnader på å byte ut tyrkiske ord med slavismar, som oftast stammar frå russisk. Dette har gitt verknader mest på skriftspråket, det munnlege kvardagsspråket er som før rikt på tyrkiske element.
Bulgarsk grammatikk skil seg på fleire punkt frå andre slaviske språk. Berre i bulgarsk og makedonsk finst det artiklar. Det finst ikkje kasus (bortsett frå pronomena), i staden brukar ein preposisjonskonstruksjonar.
Slaviske språk |
Austslaviske: | kviterussisk | russisk | ukrainsk |
Vestslaviske: | tsjekkisk | slovakisk | polsk | pommersk | kasjubisk | sorbisk |
Sørslaviske: | bulgarsk | makedonsk | bosnisk | serbokroatisk | slovensk |
![]() |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |