Bergpreika
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristendommen |
Utøving |
Forbøn | gudsteneste | kyrkje | liturgi | nattverd | sabbat | sakrament |
Skrifter |
Bergpreika er etter Bibelen Jesu første og lengste tale. I følgje Matteusevangeliet kapittel 5-7 heldt Jesus talen på eit fjell like etter at han hadde samla læresveinane til seg. Delar av talen finst òg i Evangeliet etter Lukas.
Bergpreika er av teologar rekna som ein tematisk samansetjing av forskjellige Jesuord om korleis Guds rike kjem til uttrykk i livet til kvart einskild menneske. Preika har flere delar:
- Dei som høyrer himmelriket til (saligprisingane) – Mat. 5,3-16 og Luk. 6,20-49
- Jesus og Moselova Mat. 5,17-48
- Om korleis ein skal be Mat. 6,1-18
- Jesu læresveinar og verda Mat. 6,19-34
- Jesu læresveinar og dømmesykja Mat. 7,1-14
- Jesu læresveinar og dei falske lærarane Mat. 7,15-29
Det er ulike meiningar om korleis kristne skal oppfatte dei radikale krava i bergpreika, slike som forbodet mot skilsmisse eller kravet om å elske fiendane sine. I Den katolske kyrkja har krava i bergpreika vore rekna som gjeldane for dei mest fromme, som munkar og nonner, medan alminnelege kristne berre skal overhalde dei alminnelege bodorda. Martin Luther tolka krava i bergpreika som uoppnåelege; han meinte den viktigaste funksjonen var å få folk til å innsjå at dei ikkje kan nå frelsa ved å halde lova, berre gjennom tru. Saligprisingane er sett på som uttrykk for den største trøyst Kristus kan gje det lidande mennesket: «Jo meir vi lid, jo meir tålmodig vi ber smertane våre, dess større blir løna vår i himmelen».
Ei moderne tolking av bergpreika er Dierich Bonhoeffers Nachfolge (1937), som vart skriven på 1930-talet som ein reaksjon på den ukritiske måten den kristne kyrkja tilpassa seg det tyske samfunnet på.
[endre] Kjelder
- Svensk og dansk wikipedia
- Lundes bibelkommentar 1987/1996, ISBN 82-520-4423-9