Læresvein
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Læresvein er eigentleg ein mannleg elev eller ein lærling. Ordet brukast helst om Jesu læresveinar, anten dei er kvinner eller menn, men eldre bibelomsetjingar brukar òg ordet 'læresyster'[1] eller 'læremøy'[2]. Ordet læresvein kan brukast i overførd tyding om folk som er lojale mot læremeisteren sin slik Jesu læresveinar var.
I bibelomsetjinga som Det norske Bibelselskap arbeider med no, brukar dei det greske ordet disippel istaden for det norske ordet læresvein, sidan ordet disippel i dag er best innarbeidd på norsk.
Læresveinar er nemnde både i Det gamle (Jes. 8,19) og Det nye testamentet.
Dei fyrste læresveinane åt Jesus var i fylgje Johannesevangeliet Johannes, son åt fiskaren Sebedeus, og Andreas. Desse to var opphavleg blant døyparen Johannes sine læresveinar. Same dag slutta Simon, bror til Andreas, seg til dei; det var han Jesus kalte Peter. Dagen etter gjekk dei frå Jordanelva til Gallilea. Då fekk dei fylgje av Filip og Natanael.
Etter dei synoptiske evangelia var Jesu fyrste læresveinar fiskarar ved Galilea-sjøen; fyrst kalla Jesus Simon Peter og Andreas, bror hans, lenger framme fekk han fylgje av brørne Jakob og Johannes og Sebedeus, far deira.
Elleve av dei tolv fyrste læresveinane vart sidan valde ut til apostlar.
Talet på læresveinar auka etterkvart som Jesus forkynte; og det auka endå meir etter den fyrste pinsedagen, då kyrkja vart organisert. Blant dei kvinnelege læresveinane namngjev Apostelgjerningane i 9,36 Tabita, som tok seg av dei fattige.
[endre] Kjelder
- Evangeliet etter Johannes, 1,35-50
- Apostelgjerningane 9,36
- Evangeliet etter Matteus, 4,18
- Volrath Vogt / Lauritz Holsvik (1938) Bibelsoge for folkeskulen
[endre] Referansar
- ↑ http://www.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/?del=Det+Nye+Testamentet&bok=Apostelgjerningarne Ap.gj. 9,36 i Studentmaalagsbibelen 1921
- ↑ http://www.bibelen.no/chapter.aspx?book=ACT&chapter=9&verse=36&lang=2 Ap.gj. 9,36 i Bibelomsetjinga frå 1938