Auga
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Auga er eit organ hjå dyr og menneske som fangar opp lys, og sender dette som signal til hjernen. Auga er sett saman av netthinna, iris/regnbogehinna, hornhinna, pupillen, den gule flekken og den blinde flekken. Sjølve auga blir av og til kalla augeeplet. Auga er omgjeve av augnebryn, augelokk og augevippar. Auga er vått.
Netthinne
Netthinna (retina) er den delen av auga som m.a. fangar synsinntrykk eller «les» biletet som vert sett av menneske og mange andre dyr. Biletet me ser føre oss er eigentleg oppned, lik bileta i ein lysbileteframsynar. Netthinna ligg som eit bakteppe innvendig i auga. Ho inneheld ganglieceller og celler med form som tappar og stavar. Tappane gjev fargesyn og skarpt syn. Stavane gjev svart-kvitt-syn og syn i mørke. Dei aller fleste gangliecellene, ca. 98% hjå menneske, kommuniserer med tappane, stavane og kvarandre og sender nervesignal ut av auga gjennom synsnerven.
De resterande 2% av gangliecellene er sjølve lysfølsame, ved pigmentet melanopsin, og har ikkje noko med syn å gjere. Signala omgår synsnerven, slik at dei kjem fram til SCN (suprachiasmatic nuclei) i hjernen sjølv hjå mange blinde. Denne lysinformasjonen, som går gjennom den retino-hypothalamisk stien, regulerer den biologiske klokka, døgnrytmen.
Netthinna kan reflektere lys som rød refleks, som hos katten og mange andre pattedyr.
[endre] Lenkjer ut
![]() |
Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over anatomispirer. |