Zagreb
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zagreb ved elva Sava | |||
|
|||
Kallenamn «Beli Zagreb grad («Den kvite byen Zagreb»)» |
|||
Plassering | |||
---|---|---|---|
Plassering i Kroatia | |||
Styresmakter | |||
Land Fylke |
Kroatia Zagreb |
||
Borgarmeister og guvernør | Milan Bandić | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
641,4 km² |
||
Innbyggjarar - By (2001) - folketettleik - Storbyområde |
771 145 1 216/km² 1,1 mill. |
||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 120 m | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 10000 | ||
Telefon-retningsnummer | 01 | ||
Bilnummer | ZG | ||
Heimeside: www.zagreb.hr |
Zagreb er hovudstaden og den største byen i Kroatia. Zagreb er det kulturelle, vitskaplege, økonomiske, politiske og administrative senteret i Kroatia, og husar mellom anna Parlamentet, presidenten og regjeringa i landet. I 2001 hadde byen eit innbyggjartal på 779 145. Byen ligg mellom sørsida av fjellet Medvednica og nordsida av elva Sava i ei høgd 120 meter over havet.
Byen ligg plassert i den sørvestlege delen av Den pannoniske sletta, som strekk seg mellom Alpane, Dei dinariske Alpane og Adriatarhavet, og er derfor eit strategisk knytepunkt for trafikk mellom Sentral-Europa og Adriatarhavet.
Transportknutepunktet, industrien, og dei vitskaplege institusjonane gjer byen til det største økonomiske senteret i Kroatia.
Byen vart grunnlagd på 1000-talet, og er i dag eit eige fylke. Zagreb vart aldri ein del av Det osmanske riket, som mykje av nærliggande områda var. Derfor er ikkje gamle bygningar øydelagde, som i mange andre byar i det tidlegare Jugoslavia. Zagreb er ein fleirreligiøs by med romersk-katolsk erkebiskop, gresk-ortodoks erkebiskop, protestantisk biskop, ein storrabbin og ein muslimsk mufti.
Zagreb har ein internasjonal flyplass.
[endre] Attraksjonar
Det finns mange sjåverdige stader i Zagreb, som til dømes Gornij Grad (sjå nedanfor), Zagreb katedral, Jelacicatorget, Tomislavtorget, Strossmayerovtorget, Det kroatiske nasjonalteateret og Mimaramuseet.
[endre] Gornij Grad
Gamlebyen i Zagreb heiter «Gornij Grad» (Øvrebyen) og inneheld mange gamle bygningar, som Sankt Marks kyrkje, parlamenta, Steinporten og Lortscak-tårnet, der ein kvar dag klokka tolv avfyrer ein kanonsalutt.