Ytringsfridom
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eg er ueinig i det du seier, men vil forsvara med livet retten din til å sei det. Tillagt Voltaire, eigentleg skrive av biografen hans, Evelyn Beatrice Hall.
|

Ytringsfridom er retten til å fritt uttrykka si meining i skrift og tale. Denne fridommen blir sett på som ein grunnleggjande menneskerett og ein berebjelke i eit fungerande demokrati.
Sjølv om ytringsfridom som regel blir sett på som noko positivt, er det sjeldan ein har full ytringsfridom. Lovverket i dei fleste land set visse grenser, til dømes mot æreskrenkingar, blasfemi, obskønitetar, valdskildringar eller oppfordring til grove lovbrot. Folk kan òg legga band på kva dei seier fordi dei er redde for sosiale eller offentlege sanksjonar. Avgrensing av ytringsfridom blir kalla sensur. Særskilde typar ytringsfridom er trykkefridom og pressefridom.
[endre] Ytringsfridom og demokrati
Utvidinga av ytringsfridommen har skjedd saman med utviklinga av det moderne demokratiet. Fridommen til å kunne kritisera styresmaktene fritt, utan førehandsgodkjenning eller redsel for straff, skal hindra at denne makta blir korrupt. Det å faktisk kunna uttrykka seg kan òg hindra at ein tyr til vald for å få fram bodskapet sitt.
[endre] Sjå òg
Mal:Samfunssspire