Ynglingesoga
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ynglingesoga eller Ynglingasaga er den første soga i Heimskringla, Snorre Sturlason sitt verk frå 1200-tallet om dei norske kongane si historie frå den mytologiske fornalderen og fram til 1177. Sagaen omtalar dei norrøne gudane som vanlege menneske. Innvevd i denne forteljinga er det fletta inn referansar til viktige historiske hendingar.
Ynglingesagaen bygger mellom anna på eit kvad frå kring år 900. Kvadet Ynglingatal ble ifølge tradisjonen forfatta av den norske skalden Thjodolf den hvinverske. Kvadet inneheld korte skildrignar av kongane i Ynglingeætta.
Ynglingeætta vert framstilt å stamma ned frå Odin og Frøy, som den kristne Snorre rekonstruerte til historiske personar. I samband med dette vert soga om krigen mellom æsene og vanene og den avsluttande freden fortald, der Høne og Mime vert utveksla som gislar mot Njord, Frøy og Kvaser.