Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vigrestad er ein tettstad i Hå kommune på Jæren. I fylgje Statistisk Sentralbyrå budde det 1764 menneske på Vigrestad den 1. januar 2005. Kring Vigrestad er det mykje landbruk. I tettstaden er det noko industri. Vigrestad er ein stasjon på jarnbanen Jærbanen. Det har vore togstasjon på Vigrestad frå 1878, då Jærbanen opna. I starten vaks tettstaden fram kring togstasjonen. Toget mellom Oslo og Stavanger på Sørlandsbanen køyrer forbi Vigrestad, men stoggar ikkje der. Vigrestad stasjon ligg 49,22 kilometer frå Stavanger og 549,75 kilometer frå Oslo langs Sørlandsbanen. Stasjonen ligg 32,6 meter over havet. Vigrestad er ein skulestad med barneskule og storskule.