Verksemd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei verksemd eller eit selskap er ei samanslutning som er eigd av fysiske eller juridiske personar og rår over formue. Det er normalt også eit krav at selskapet driv på med noko. Vanlegvis vil dette vere av økonomisk art, men dette er ikkje eit absolutt vilkår. Ein skil normalt mellom selskap og sjølveigande institusjonar (stiftelser). Definisjonen på eit selskap vil variere ut frå kva slags selskap det er snakk om.
Sjølve selskapet er ein juridisk person, noko som inneber at det kan ha sjølvstendige rettar og pliktar uavhengig av sine eigarar. Selskapet kan mellom anna vere part i kontraktar, og det kan reise og motta søksmål ved domstolane.
Ansvarsforholdet for eigarane varierer ut frå kva selskapsform som er vald. I personlege selskap og ansvarleg selskap svarar eigaren(e) for risikoen ved drifta med alt man eig. I eit aksjeselskap svarar eigaren(e) berre for den innskotne aksjekapitalen.
![]() |
Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over økonomispirer. |